Gå til sidens hovedinnhold

Storfilm skal spelast inn i Myrkdalen

Artikkelen er over 7 år gammel

Delar av den Nils Gaup-regisserte filmen «Birkebeinerne» får landskapet i Myrkdalen som kulisser.

Filmen har eit budsjett på i underkant av 50 millionar kroner, og opptaka på Voss kjem til å føregå i fyrste delen av april, opplyser Jan Petter Dickman, marknadssjef i filmselskapet Paradox.

– Det er delar av skisekvensane i filmen som skal leggjast til Voss. Me har valt Myrkdalen på grunn av det flotte landskapet og fordi staden er veldig snøsikker, seier Dickman.

– Me var på leit etter eit område med store, lange vidder øvst og skog nedst – slik Myrkdalen har.

Reddar Håkon Håkonson

Filmen handlar om reisa til birkebeinarane Torstein Skevla og Skjervald Skrukka som redda Håkon Håkonsson frå baglarane i år 1205. Regissør er Nils Gaup som tidlegare har laga suksessfilmane «Veiviseren» og «Kautokeinopprøret».

Filmselskapet har søkt Voss kommune om løyve til skutertransport i utmark av filmteknisk utstyr og personell frå toppen av Kari Traa-trekket til Kaldevatnet. I tillegg skal dei filma frå helikopter i under 300 meters høgde frå det samme området og nedover til riksvegen gjennom Myrkdalen.

- Heilt topp

Marknadsdirektør i Myrkdalen fjellandsby, Kaia Finne, er kjempeglad for at delar av «Birkebeinerne» skal spelast inn hjå dei.

– Heilt topp! er kommentaren frå henne. – Dette er ei kjempestor satsing, og at dei vel Myrkdalen til skiscenene, er veldig bra for oss, seier Finne.

Det er skikøyringa og jakta på hovudpersonen som skal spelast inn hjå dei. Tinga har skjedd veldig fort, og filmselskapet var på synfaring i Myrkdalen sist veke.

– Skogen som me har nedst, eignar seg godt. Det dei var på jakt etter, var perspektiv frå opne vidder og inn i skog, seier Kaia Finne.

Får stor støtte

Som marknadsdirektør er ho sjølvsagt glad over masse aktivitet i Myrkdalen fjellandsby. Det kjem eit mannskap på mellom 30 og 40 personar som skal bidra under innspelinga.

Filmen har eit totalbudsjett på 44 millionar kroner som er rimeleg stort i norsk samanheng. Filmselskapet har fått 14 millinar i støtte til «Birkebeinerne» frå Norsk filminstitutt som tydelegvis har stor tru på filmen.

Kommentarer til denne saken