SKAL BIDRA: Mari Holven (15), som nyleg var med i Idol. Foto: TV2

Storslått heradsfest i Trudvang

Gravensarane slår skikkeleg på stortromma når dei startar heile heradsfest-helga i Trudvang.

Det er eit imponerande A-lag kulturen i Granvin skyt inn i Voss herad. Og når det nye heradet skal feirast ei heil lang helg til endes, byr gravensarane på skikkeleg fest. Her er solistar, duoar, grupper og jentekor, unge og eldre. Jentene Ada Elisabeth Tveito, Sofie Vatnøy, Kari Kårdal Mjelde, Selma Khoeiry, Anna Kårdal Mjelde, Nora Kjepso Saue, Sophia Khoeiry og Tiril Røyrvik Midtun er alle elevar ved kulturskulen.

Festen opnar med Alexander Aga Røynstrand og jentekoret, som skal framføra Vil du gifta deg, Anna?

Les også
Heradsfeiring året til endes

Med i programmet er også Granvin sin store døtrer og søner, som Knut Hamre (som skal spela Håstabøen saman med Nils-Erik Kvamme), Mari Holven, Svein Kjerland, Tarjei og Jaran Lienig, Jonas Laupsa, og Ruth Lillegraven. Ruth skal opptre saman med Djønno si aller største dotter; Rannveig Djønne. Det vert allsong og dans, både med lokale spelemenn og Rakkadeis.

Og jammer har ikkje vertskapet Granvin Ungdomslag fått med seg ulvikjen Torbjørn Kvitanesen Ljones som festleiar.

Les også
Politikk, kultur og show!