Gå til sidens hovedinnhold

Svingar øksa på Tvildemoen

Artikkelen er over 7 år gammel

På Vestnorsk kulturakademi er det aktivitet i alle bygg om dagen. I treverkstaden lærer tømrarar seg mellomalderteknikk med øks.

– No held me på med eit spesialkurs for fagarbeidarar i byggebransjen, seier fagansvarleg Knut Grove.

I tømrarverkstaden held fem karar, som alle er utdanna tømrarar, på å hogga ut tømmer til grindbygg. Reiskapen er øks, som i alder spenner seg frå steinalderen og fram til i dag.

– Dette er reiskap ein ikkje bruker til dagleg, seier Torstein Torven Fletre.

Han jobbar i Fletre bygg AS på Voss. Kurset som spenner seg over fem samlingar, skal gje spesialkunnskap i å restaurera verna og freda bygg.

– Dette er noko som bransjen etterspør, og deltakarane får opplæring i grindbygging og lafting, mellom anna, slik at dei til slutt skal kunna utføra arbeid på bygningar som treng slikt, der slik kunnskap er nødvendig, seier Grove.

TEKNIKK. Å arbeida med øks krev ein spesiell teknikk, og det merkar ein på musklane.

– Ein kjenner det godt når ein står her, det er god trening på armane, seier Ole Ronny Selje, som arbeider med ein sekstoms-stokk som skal brukast til grindbygg.

- Det er veldig interessant og spennande, og kjekt å læra noko nytt, seier Fletre.

Trond Oalann, som er arbeidsleiar i bygningstenesta i Hordaland Fylkeskommune, syner fram dei ulike øksene. Her er det økser i ulike variantar, og bile, ei type øks brukt til lafting.

– Det er stor skilnad på resultatet etter kva øks ein brukar, seier Oalann.

– Her lærer dei det grunnleggjande, og dei kan også bruka kurset som eit utgangspunkt for å ta ein universitetseksamen i haust om dei ynskjer, seier Grove.

Deltakarane skal òg ut på ekskursjon for å sjå på bygningar og vurdera tilstand, kva som må gjerast og kva arbeidet vil koma på.

REISKAPSSAMLING. Det er ikkje berre grovtømring som gjeld, også finsnikring er viktig. For nokre veker sidan kjøpte akademiet ei samling ved snikkarverktøy med om lag 150 høvlar og ein del anna verktøy, frå førindustriell tid.

– Det er ei tilfeldig samling av verktøy, som me skal bruka, det skal ikkje stå til pynt. Samlinga fekk me kjøpt av ein som heiter Ole Johnny Sukken, som gjerne ville at samlinga skulle kome til ein plass der den vart brukt, seier Oalann.

Verktøyet skal etter kvart brukast på det komande bygningsvernsenteret for Voss og Hardanger, som etter planen skal koma.

– Bygningsvernsenteret vil satsa på kulturrelatert kompetanseheving og me håpar etter kvart at ein med eit slikt senter kan vera med å godkjenna fagarbeidarar i restaurering av gamle bygg, seier Oalann.

Kommentarer til denne saken