Gå til sidens hovedinnhold

Symbolske formerog Sigrid Moldestad

Artikkelen er over 7 år gammel

Kva tyding har krossen hatt i folkekulturen – og kva tonar kjem Sigrid Moldestad med til Utne?

Sundag 4. mai opnar Hardanger folkemuseum sesongen med jubileumsutstilling om krossen, som symbol og dekor i folkekulturen.

Professor Mikkel Tin held føredrag om dette, før Sigrid Moldestad saman med Kato Ådland, Sigbjørn Apeland Morten Skage og Kåre Opheim overtek scenen. Styreleiar Bjørn Christensen står for den offisielle opninga.

Fram i lyset

Utstillinga som opnar denne dagen er bygd opp med gjenstandar frå museet sine eigne samlingar, men og med spennande arkeologiske innlån. Jåstadfela, som er rekna som verdas eldste hardingfele, vil til dømes verta vist fram på utstillinga. Materiale og gjenstandar frå Hardanger, men og noko frå Voss, med eit tyngdepunkt frå mellomalder og til ca 1900 vert stilt ut. Men her vil også verta gjort enkelte lange sprang - attende til førkristen tid, eller fram til symbolbruken av i dag, opplyser museet.

Krossen som symbol er av dei eldste ein kjenner til, og er brukt over heile verda. Mikkel Tin som har gjeve ut boka «De første formene» vil truleg koma inn på kvifor symbola er så viktige og så verksame, i folketrua. Krossen vart brukt på bygningar, på tekstilar, på instrument og andre gjenstandar som vart brukt i kvardagen. Krossen er også ein del av flagget vårt. Krossen var vern mot vonde makter, fremja lukke og grøde, eller var reine dekorelement.

Musikk om kjærleiken

Publikum vil deretter få møta både nye songar og historiar frå Sigrid Moldestad med band. Ho har nyleg har ut si fjerde soloplate, Brevet til kjærleiken. Plata er ei hylling til diktaren Jan Magnus Bruheim som ville vorte 100 år i år. Tekstane krinsar kring kjærleiksomgrepet i sin vidaste forstand, og om det å vere menneske og medmenneske.

Og plata har hausta strålande kritikkar! På konserten får publikum også sterke songar og låtar frå tidlegare plater.

Kommentarer til denne saken