Gå til sidens hovedinnhold

Tilbyr låtskrivarkurs på Voss

Artikkelen er over 7 år gammel

MUSIKK: Går du med ein kjempehit i magen? Torsdag kan du få han ut derifrå og ned på papiret.

Canadiske Rob Hoare har arbeidd med musikk, film, teater og diverse innspelingar i meir enn 20 år.

Truleg har du høyrt låtar han har skrive, utan å vera klar over det, for han har mellom andre arbeidd med namn som Rammstein og Mark Murphy. Han har også arrangert låtskrivarkurs i Canada og Europa i ei årrekkje. No er han på ein kort noregsturné, som omfattar Oslo, Bergen – og Voss! Kurset går over fem timar og vert arrangert av Brak.

Brak er ein organisasjon som jobbar for musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Brak arrangerer jamlege kurs og samlingar for å auka kompetansen hjå musikarar, arrangørar og andre aktørar innan musikkmiljøet. Kurset torsdag er gratis for medlemer av Brak.

Kurset vert halde på Voss gymnas, i ein seksjon på fem timar, etter skuletid og utover kvelden.

Kurset er ope for alle som ynskjer å verta flinkare til å skriva songar. Hoare gjev deg både tips og godt verktøy med på vegen, og han tek deltakarane gjennom prosessen som låtskrivar – steg for steg. Om du aldri har skrive ein låt før, eller du er ein rutinert låtskrivar, vil du heilt sikkert læra nye triks.

Kurset Hoare skal ha i Bergen er fullteikna, og på Voss gjeld prinsippet fyrst til mølla. Derfor er det òg bindande påmelding. Gå inn på nettsida www.brak.no for meir informasjon og påmelding.

Kommentarer til denne saken