Gå til sidens hovedinnhold

Vossingane mann av huse for Lyngbø

Artikkelen er over 7 år gammel

Landet sin største stand up-komikar appellerer også til vossingane. Askøyværingen fyller Vossasalen to gonger i morgon kveld.

Ved middagstid hadde rundt 1100 sikra seg billett for å høyra lydane til Dagfinn Lyngbø. I alle fall lydane han vert plaga av, let seg distrahera av, gler seg over eller overser i showet «Stereo».

Det var tidleg klart at det måtte verta eit show nummer to. Dei drygt 650 billettane til den fyrste framsyninga vart rivne vekk, og den blide og lange komikaren hadde ingen innvendingar mot dobbel lyddose for vossingane. No minkar det stygt på billettane også til det siste showet i morgon kveld, og ingen bør rekna med å få kjøpa seg halvannan time moro i døra.

Også dei førre gongene Dagfinn Lyngbø har gjesta Voss, har han selt fulle hus. Alle kjenner seg att i Lyngbø sitt kvardagsunivers, der han gjer sitt beste for å overleva – slik me andre gjer det.

Kommentarer til denne saken