Gå til sidens hovedinnhold

Vossingar til topp i Blømingsfestivalen

Artikkelen er over 7 år gammel

Orkesteret Galder tok gull under vestlandsmeisterskapen i helga.

I helga gjekk Blømingsfestivalen i Kinsarvik av stabelen. I alt var det 23 orkester som konkurrerte om tittelen «Vestlandets beste gamaldansorkester», og det var Galder som stakk av med sigeren.

Orkesteret består av fem personar frå Voss og Osterøy, og dei var godt stolte over å kunne ta med seg vandrepokalen heim for godt.

– Me har hatt to napp på vandrepokalen frå før i denne konkurransen og håpa på å vinna den til odel og eige i år. Det greidde me etter å ha spelt vårt beste i finalen. Det var utruleg kjekt å gjera comeback etter nærare tre års pause, og i tillegg gå til topps med det same, fortel Ailin Kristine Solberg som spelar torader i orkesteret.

Orkesteret Fast i Skjervet, som kjem frå Voss og Granvin, var også med på festivalen. I år kom dei på 19.plass.

Kommentarer til denne saken