Ungdomane fekk hemningslaus skryt frå dei profesjonelle musikarane etter konserten i fjor.

I år er det songaren og komponisten Tora Augestad som har skrive tingingsverket Til verda til dikt av Ruth Lillegraven. Verket er retta mot born og vart fyrste gong framført på Senja Barnefestival i fjor. Verket er eit samarbeid mellom Vossa Jazz og barnefestivalen.

Tingingsverket skulle urframførast saman med kor på Senja i fjor, men det fekk dei ikkje til. I år skal songarar og solistar frå Voss kulturskule vera med på framføringa.

Ei knippe jazzmusikarar skal vera med og spela, mellom dei saksofonisten Trygve Seim som spelte saman med ungdomane i Vangskyrkja i fjor.

Lettare

Ungdomane tykkjer verket i år er litt lettare enn kva dei song i fjor. Då dei fekk notane til konserten i fjor, trudde ungdomane det hadde rabla for dirigent Ingrid Langen Fjose. Men sjølv om musikken er enklare i år, er det framleis krevjande musikk å syngja.

Dei byrja å øva på songane i februar. To av dei som skal vera med også i år, er Kaia Bolstad og Anders Undeland Bauthus.

– Ein av dei store skilnadane frå i fjor er at me no skal syngja på norsk. I fjor var alle tekstane på latin, der var litt vanskeleg. Tekstane i år handlar om at det er lov å visa kjensler. Det handlar òg om dyr og natur, seier Anders.

– I fjor song me noko av musikken firestemt. I år er berre ein av dei fem songane fleirstemt. Det gjer det jo litt enklare. Det er veldig kjekt å få vera med på slike prosjekt. Det blir òg kjekt å treffa igjen Trygve Seim som me spelte med på Vossa Jazz i fjor, fortel Kaia.

Lettbedne

Ingrid Langen Fjose har eigentleg trappa ned jobben på Voss kulturskule og overlate jobben til Eriko Saito. Mellom anna har ho ikkje ansvaret for kulturskulen sitt kor lengre.

– Då eg fekk dette oppdraget, måtte eg difor ringa til kvar enkelt av ungdomane og spørra om dei ville vera med. Til mi store glede sa alle ja med ein gong. No er me inne i ein intens øvingsperiode før me skal øva for fyrste gong saman med Tora og bandet laurdagen under Vossa Jazz. Sundagen under festivalen skal me framføra vårt tingingsverk, seier Fjose.