Teknisk informasjon

Avis

Rasterlinjer:

40 linjer/cm.

Filoverføring:

Send PDF fil oversendt via NADA eller NADA Express. Sjå www.nada.no. Det er svært viktig at filene er merka med innrykksdato dag/månad, kunde og stikkord. Døme: 19_02_2008_Labo_stilling.eps. Du kan også senda e-post til annonse@avisa-hordaland.no med annonsen som vedlegg. Hugs info om innrykksdag, plassering og rekningsbetalar.

Filformat:

Me ynskjer postscriptfiler PDF eller proscriptet EPS slik at alle element som bilete, logoar og fontar som høyrer til annonsen, er med. Annonsen må være produsert som bestilte mål. Når en vel rette postscript-driver, let det seg gjera å inkludera fontane i fila. Annonsar laga i Word, kan ikkje reknast som ferdigmateriell. Heller ikkje annonsar som er sendt som QuarkXpress/InDesign-dokument, kan reknast som ferdigmateriell. Fontar skal vere av type 1, dvs. PostScriptfonter.

Oppløysing:

Bilete bør ikkje ha høgare oppløysing enn 200 dpi eller mindre enn 150 dpi. Høgre oppløysing medfører berre større filer og lengre overføringstid. Beskjeringar bør skje i biletebehandlingsprogrammet. Bilete skal vera høgoppløyselege, og ikkje OPI. Strekbilete bør ikkje ha høgre oppløysing enn 600 dpi, eller mindre enn 400 dpi.

Fargeannonsar:

Annonsar må ikkje innehalda RGB, Index eller Pantonefargar. Logoar og bileter som er henta frå Internett, kan me ikkje garantera bra trykkresultat på.

Svart/kvitt-annonsar:

Svart/kvitt-annonsar må ikkje innehalda farga element.

Spotfargar:

Ekte spotfargar skal ikkje nyttast. Alle fargeverdiar skal vera jamne i CMYK.

 

Nett

Image: JPG/JEPG eller GIF. Rich media: SWF, HTML eller Redirect TAG

Url som annonsen skal linkast til må vera vedlagt.

Ved flash/ html annonsar må det tilretteleggast for at lenkja vert opna i nytt vindauge.

Filnamna må innehalda formatet for fila i filnamnet.

Filnamnet må ikkje innehalda store bokstavar, mellomrom, teikn eller bokstavane æ, ø og å.

Ved bruk av flash-annonsar MÅ det alltid leggjast ved ein Fallback-annonse (.gif eller .jpg) slik at brukarar som ikkje har Flash Player eller har ein eldre versjon av Flash Player også får opp ein annonse.

Materiellfrist

Korrekt laga materiell skal leverast 3 dagar før kampanjestart.

Spesialkonsept (expanding banners, lokal tilpassing, feed av film etc.) har 5 virkedagar.

Tillaten filstorleik

- 980 × 150 max 47 kb

- 180 × 500 max 47 kb

- 480 × 150 max 47 kb

Lyd

Lyd er berre tillete når lesaren/brukaren sjølv kan aktivisera lyden med klikk. Lyd ved mouse-over er i utgangpunktet ikkje tillete (må då stansa ved mouse-out). Kvart enkelt tilfelle må godkjennast spesielt. Annonsen må vera merka med eit lydsymbol. Me atterheld oss retten til å nekta enkelte lydar.

Feed

Fil som vert "loada" ved mouseover er berre tillete dersom fila er på max 100kb. Tyngre filer må godkjennast på førehand og me atterheld oss retten til å avvisa. Kvart enkelt tilfelle ved "loading" av filer må avtalast på førehand. Film som skal køyrast gjennom "mediaspelar" må avtalast på førehand.

Det må i kvart enkelt høve gjerast avtale på førehand dersom feed skal verta "hosta" på annan server enn NR1 interaktivs annonsestyringssystem.

clickTAG

Clicktag gjer det mogleg å registrera tal klikk på ein annonse. Koden vert lagt til som ein "action" for ein knapp.

Dette vert gjort på følgjande måte:

ClickTAG:

on (release)

{getURL(_root.clickTAG, "_blank");