Papirannonsar
Filformat:
Me ynskjer å få ferdige annonsar som PDF. Annonsen må vera produsert etter bestilte mål. PDFen må ha innbakte fontar og bilete. Annonsar laga i Word kan ikkje reknast som ferdigmateriell. Heller ikkje annonsar som er sende som InDesign-dokument kan reknast som ferdigmateriell. Bilete/logoar/fontar må leggast med. Fontar bør vera av typen Opentype.
Me vil helst ha logoar som vektorfiler (PDF/EPS/AI)
Fargeprofil: ISOnewspaper26v4
ICC-profil ISOnewspaper26v4 for konvertering til CMYK
ICC-profil ISOnewspaper26v4_gr for konvertering til gråtonar
Desse kan lastast ned her:
http://www.nada.no/support/nedlasting/fargestyringavisnedl.php
Separasjon og passmerke skal alltid vera av!
Oppløysing:
Bilete bør ikkje ha høgare oppløysing enn 200 dpi, eller mindre enn 150 dpi. Høgare oppløysing medfører berre større filer og lengre overføringstid. Bilete skal vera høgoppløyselege, og ikkje OPI. Strekbilete bør ikkje ha høgare oppløysing enn 600 dpi, eller mindre enn 400 dpi.
Anbefalingar for eit godt trykkresultat:
- Minimum raster på motteke materiale er 5 %. Maksimum raster på motteke materiale er 95 %. Liten/mager tekst med seriffer gror mykje i trykkprosessen og er lite lesbar.
- Positiv tekst minimum 8 pkt. Negativ tekst minimum 12 pkt.
Storleikar:
Annonsesider:
- 1 sp. = 38 mm.
- 2 sp. = 80 mm.
- 3 sp. = 122 mm.
- 4 sp. = 164 mm.
- 5 sp. = 206 mm.
- 6 sp = 248 mm
Maks høgd på annonseside er 365 mm.
Tekstsider: Her må de tinga annonsemodular.
Modulkart finn de på: http://www.aviskatalogen.no/docs/modulkart-tabloid.pdf
Spørsmål?
Kontakt Wilhelm Tvedt, telefon 410 70 456
wt@avisa-hordaland.no
Filoverføring:
Send PDF-fil til: annonse@avisa-hordaland.no.
Det er svært viktig at filene er merka med innrykksdato dag/månad, kunde og stikkord. Døme: 28_04_2019_Labo_stilling.PDF.
Hugs info om innrykksdag, plassering og rekningsbetalar.
Nettannonsar
Format
Til bruk på nett kan annonsane ha desse formata: JPG, Gif, PNG eller HTML.
Filstorleik
Toppbanner 980×150 pixlar max 130kb
Toppbanner stor 980×300 pixlar max 130kb
Nettboard 580×500 pixlar max 130kb
Skyskrapar 180×500 pixlar max 150kb
Skyskrapar stor 250×500 pixlar max 150kb
Mobilbanner 320×250 pixlar max 100kb
Mobilbanner stor 320×400 pixlar max 100kb
Smartboard 300×250 pixlar max 100kb
Wallpaper 1010×150 pixlar/455×500 max 250kb
Landingsside
Det er viktig å ha ei god landingsside for ein digital annonse, helst link til ei underside med meir info om det same som annonsen omhandlar, det er for å finna dette brukaren klikkar på annonsen!
Me ynskjer at de legg ved rett link ilag med banner/bestilling av nettannonse.