– Det er ikkje slik at me i IHM, Næringshagen eller Voss Sparebank sit på alle dei gode tankane og idéane. Dei tankane sit i mange kloke hovud der ute, seier leiar for miljø og utvikling ved IHM, Øyvind Birkeland.

IHM, Næringshagen og Voss Sparebank ynskjer no å nå ut til verksemder og gründerar som har ein nyskapande idé til mindre svinn og meir gjenbruk, slik at næringslivet blir meir berekraftig.

Kan søkja midlar

26. januar lanserer dei gjenbruksstipendet som gjev verksemder og gründerar knytt til Voss, Ulvik og Eidfjord moglegheita til å søkja om midlar til å driva verksemda på ein meir berekraftig måte. Med dette stipendet vil dei stimulera folk til å komma opp med nyskapande og berekraftige idear i næringslivet.

– Me søkjer ein idé som fremjar mindre svinn, mindre forbruk, og meir gjenbruk av varer og produkt. For etablerte verksemder blir det lagt vekt på at idéen må vera nyskapande, og bidreg til auka gjenbruk i den eksisterande drifta, seier Birkeland.

Dei ynskjer å nå breitt ut, og lata folk delta i den grøne utviklinga. Midlane i stipendet skal hjelpa verksemder økonomisk til å realisera idéane, og hjelpa dei å driva meir berekraftig og framtidsretta.

– Me vil motivera verksemder til å tenkja meir gjenbruk. Spesielt her i distriktene er det fleire små verksemder som ikkje har stor nok kapasitet og ressursar til å gjera så mange tiltak sjølve. Så då vil me vera eit økonomisk ledd i riktig retning, og skapa motivasjon til å starta i gang små og store prosjekt mot eit meir sirkulært samfunn, seier prosjektleiar og rådgjevar ved Hardanger og Voss Næringshage, Sofie Torlei Olsen.

– Det er viktig å få ned forbruket, og nytta om igjen dei ressursane ein har. Dette er eit stort problem globalt, og noko me er veldig opptekne av. Difor er det viktig for oss å skapa fokus på haldningar rundt forbruk, og å motivera folk til å tenkja meir gjenbruk, seier avdelingsleiar i Voss Sparebank, Martin Hindenes.

Forbetringspotensiale

– Det er alltid eit potensiale for forbetring når det gjeld gjenvinning og berekraftig drift av verksemder. Heldigvis er det blitt meir fokus på dette den siste tida, og me ynskjer å stimulera til aktivitet rundt gjenbruk her lokalt, seier Birkeland ved IHM.

Gjenbruksstipendet er ein del av eit lokalt prosjekt som skal skapa initiativ til eit meir sirkulært samfunn, og motivera verksemder til å tenkja meir gjenbruk. Birkeland fortel at dei har opplevd at folk tar kontakt og viser initiativ rundt temaet, og at dette er noko av årsaka til at dei startar opp gjenbruksstipendet.

– Det er klart at me må jobba saman for å realisera måla i klimaplanen og dei internasjonale klimamåla, seier Olsen.

– Alle produkt og ting me tar i bruk har ei miljøbelastning og ei avgrensa levetid. Så fort ein kan forlengja levetida til eit produkt, så tar me vare på dei allereie uthenta naturressursane, reduserer behovet for transport, og sparar dermed energi, seier Birkeland.

Den totalt utlyste summen er 140 000 kroner. Birkeland fortel at det ikkje er bestemt kor mange som vil få tildelt stipendet, men at det ikkje nødvendigvis kun blir ei verksemd eller eit enkeltpersonføretak.

– Fornuftig å lyfta fram temaet

Idéen og initiativet til gjenbruksstipendet kom frå IHM, og etter kvart fekk dei med seg både Voss Sparebank og Hardanger og Voss Næringshage.

– Det tok ikkje lang tid før me takka ja til tilbodet om å vera med på denne ordninga. Me synest det er interessant å støtta opp om dette lokalt, og fornuftig å lyfta fram temaet på denne måten, seier Hindenes.

– Det er mykje som skjer rundt gjenbruk og sirkulære løysingar nasjonalt, så me ynskjer at nokre av tiltaka skal skje her på Voss, slik at me kan hjelpa og bidra til utviklinga mot ei grønare framtid, seier Birkeland.

Verksemder og gründerar kan søkja støtte til ulike typar prosjekt. Dei kan mellom anna søkja om støtte til tiltak som fremjar sirkulær utvikling og som bidreg til auka samarbeid på tvers i næringslivet, og til løysingar som reduserer svinn og forsøpling.

– Med dette prosjektet vil me redusera mengda avfall som går til avfallsbehandling, seier Birkeland.

Søknadsfristen er 1. mars, og stipenda vil bli tildelt i slutten av mars.