Det er trist å gå forbi det som ein gong var Lassebakken Barnehage, Rognsbakken 14.

Det som ein gong var eit fint gammalt gardstun står no og forfell.

Her om dagen møtte eg ein barnehage som var på tur og ville leika i uteområdet der, men dei måtte snu for det var så mykje knust glas og anna skrot, så det kunne vera farleg.

Kven har ansvar for at det blir rydda rundt huset? Det må vera trist for dei som hadde barndomsheimen der å sjå på forfallet.