Dei opplyftande rapportane kjem etter at mange var byrja å sjå på den ekte vossolaksen som utrydda.

Ved slutten av 1980-talet forsvann laksen praktisk tala frå elvane våre. Sidan har elva vore freda i over 20 år. Ei livsform langs Bolstadelva og Vosso har nesten gått i gløymeboka. I tida som har gått, har meldingane om vossolaksen stort sett vore nedslåande. Heilt til i fjor. I år ser me at det ikkje var eit blaff.

Vosso og Bolstadelva har vore kjende verda over. Det spesielle med «vår» laks, var at han var størst i verda. Ingen kjende lakseelvar har hatt høgre gjennomsnittsvekt av atlantisk laks. I tidlegare tider måtte vekta passera 20-kilosmerket for at det verkeleg skulle vera snakk om storlaks i Vosso og Bolstadelva. Fleire eksemplar på over nesten utrulege 30 kilo kom også på land, den største var på 35 kilo.

Engelske lakselordar og rikfolk leigde store delar av elva – og betalte millionar. Mange ein storkar har fiska laks her, mellom anna ein av verdsmeistrane frå England sitt lag i 1966, Jackie Charlton.

Laksen har siste tiåra vorte utsett for livstrugande farar frå mange hald. Lus frå oppdrettsanlegg, sur nedbør, kraftutbygging, flaumsenkinga av Vangsvatnet og altfor hardt fiske i havet, er noko av det som nær tok livet av han.

At laks i store mengder strøymer innover mot Bolstadfjorden, er ei hending som kan gjera mange stolte. Den store redningsaksjonen har fungert, sjølv om det i mange år såg bekmørkt ut. Framgangen er ein triumf for alle involverte. Det heilt avgjerande ser ut til å vera trekket med å slepa smolten utover i fjordsystemet til havet, forbi lus ved oppdrettsanlegga.

No håpar me at dei gode tidene held fram, og at det snart er forsvarleg å opna for vanleg fiske att. Då bør fisket i Vosso og Bolstadelva verta noko som også den vanlege mann og kvinne får høve til å delta på. Når den dagen kjem, vert det ein merkedag.

Næringshage

Mange forsøk har vore gjort for å få til næringshage på Voss. Det har likevel ikkje lukkast – før no. Med gamleordførar Bjørn Christensen ved roret, er dørene som fører inn til pengesekkene, opna. Dermed får Voss eit etterlengta og viktig tilbod på plass, medan Christensen kan setja ei ny fjør i sommarhatten