Til det har Raundalselva for mange taleføre vener. At det også er mange som ynskjer å sjå elva utbygd, er inga bombe. For grunneigarane kan det representera monalege inntekter, det same for kommunen. Og der treng ein pengar, ikkje minst for å klara drifta av det nye kulturhuset.

Men det er langt fram. Vassdraget er som kjent verna, som del av den store verneplanen som Stortinget vedtok i 1986. Første steg er såleis å prøva å få vernevedtaket oppheva. Om Stortinget skulle koma til at dette vil riva sund heile det nasjonale kompromisset som verneplanen var, må utbyggingsplanane leggjast bort, truleg for alltid. Skulle det derimot verta gjeve opning for utbygging, er det ingen dristig spådom at Voss vil få ein strid som kan samanliknast med aksjonane kring Alta-utbygginga for 30 år sidan.

Trass i dette bakteppet har Voss kommunestyre, med ikkje altfor overtydande fleirtal, vedteke å skipa ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe som skal greia ut planar for kraftutbygging. Det er dessutan teke med i vedtaket at desse gruppene også skal sjå på andre mogelege tiltak for å skapa aktivitet i Raundalen. At ordføraren måtte sjå mest halve gruppa si røysta for å leggja utbyggingsplanane bort alt på dette stadiet, viser at dette er ei sak som splittar.

Eit moment som i liten grad har vore framme i debatten så langt, vert teke opp i eit lesarbrev frå Trygve Refsdal i dag, nemleg at det er andre kommunar som også «eig» vatnet i elva. Me går ut frå at gruppene som no vert sette ned tek kontakt med naboane i Aurland og Ulvik, i alle fall for å informera om planane.

Det overraskar ikkje at ordførar og rådmann klarar å samla fleirtal for saka som dei trekte opp av hatten tidlegare i vår. Men å bruka tid, krefter og ikkje minst pengar på utgreiingar som kan få bråstogg i Stortinget etter nokre år, verkar ikkje særleg smart. Ordføraren har tidlegare uttala at det ikkje ligg føre underhandslovnader frå Oslo om at ein vil få oppheva vernevedtaket. Med godt politisk arbeid burde det vera mogeleg å få avklara om eit stortingsfleirtal er innstilt på dette. Skulle svaret vera negativt, kan saka leggjast bort, utan at det vert nytta meir ressursar på den. Om det derimot vert gjeve opning for å oppheva vernet av elva, kan ordføraren og dei andre forkjemparane for utbygging bu seg til ein årelang strid. Vernarane er alt klare.