På ny vert det piano til utstilling i Eidfjord. Denne gongen dekorert av åtte forskjellige kunstnarar, pluss eit par av nokre kulturskuleelevar.

– Me lagar eit trollpiano, fortel Live Djønne Eriksen (9) og Tina Varberg Odland (8), med god hjelp frå kunstnar Johild Mæland og assistent Elsa Garatun.

Dei stressar litt då dei får høyra at det berre er to timar til pianoet deira skal vera ferdig til utstilling, etter tre dagar med jobbing.

– Eg kunne halde på med dette i ein evigheit, seier Tina.

Skal ha teikneverkstad

Ved sidan av jobbar Martine Skår (11) med bunadspianoet.

– Eg synest det er veldig kjekt å jobba med detaljar.

Dei siste dagane har ho fått øvd seg på ulike teknikkar med pensel, med god hjelp av Kwestan Jamal Bawan.

– På sida av pianoet har SFO-elevar målt blomar, og me har også fått god hjelp av lærar på kulturskulen her i Eidfjord, Ingeborg Wijland, seier Bawan.

Bawan er kunstnar og lærar på Bergen kulturskule. Laurdag skal ho ha kreativ teikneverkstad for born i Eidfjord, ved Galleri N. Bergslien.

– Det er berre til å koma innom, ein treng ikkje tinga noko, oppmodar ho.

I helga skjer det nemleg ting for både store og små i Eidfjord, då Harding Puls inviterer til Fjord Pianorama.

Gratis piano

Inger-Kristine Riber frå Harding Puls forklarar at det byrjar med ein festival no i helga, men utstillinga kan ein sjå i heile sommar på Galleri N. Bergslien.

Ideen bak utsmykka piano, kjem frå turnélivet i Seattle. Det er inspirert av britiske Luke Jerram sitt streetpianoprosjekt, "Play Me I'm Yours", der dekorerte piano er sett ut i mange storbyar til fri bruk til publikum.

– Pianoa er gode piano som vert gjeve vekk fordi folk ikkje ynskjer å ha dei. Det er enormt mange piano som vert gjeve vekk, så me trong ikkje reisa langt for å få tak i dei.

– Kva er den kulturelle verdien av eit instrument? spør ho.

Skal spelast på

Riber forklarar at dei åtte pianoane som vert dekorert av kunstnarane skal stå inne i galleriet, men desse to som borna er med og lagar skal stå ute.

– Dei skal stå i drivhus, slik at dei ikkje vert øydelagde. Så er det meininga at folk kan koma inn og spela.

Eitt skal stå utanfor Eidfjord Fjell og Fjord Hotel, og eitt utanfor Galleri N. Bergslien.

I tillegg til pianoutstilling og workshop, vert det ei rekkje konsertar laurdag, mellom anna med Dag Arnesen, Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne.

I tillegg vert det også urframføring av "Arvesylv", eit tingingsverk av Inger-Kristine Riber og Ragnhild Tronsmo Haugland laga på grunnlag av pianoet dei sette ut i Eidfjord i 1. mars i fjor, som vart utsett for vêr, vind og hærverk.

Her testar Riber ut trollpianoet: