Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje hjelp i flikking – ny veg må til

Artikkelen er over 9 år gammel

Utvidinga som for nokre år sidan vart gjort i Dalevågtunnelen hadde ikkje vorte utført i dag. Arbeidet vart totalt sett så dyrt at ein like godt kunne ha bygd heilt nytt.

Det fortel ordførarane på Voss og i Vaksdal, Hans Erik Ringkjøb og Eirik Haga. Måndag var dei på synfaring med stamvegutvalet, som er samansett av ordførarane langs E16 frå Bergen til Sandvika. Haga er nestleiar i dette utvalet.

Slutt på å spara

Det viktigaste på denne synfaringa er å verta kjende med dei andre medlemane i utvalet, og å sitja med same informasjonen om alle utfordringane som finst på denne vegstrekkja, fortel dei.

– Det som i alle fall er klart, er at det er slutt på å sparsommelege utbetringar og tiltak på denne vegen, seier Haga.

Når ein tek med heile reknestykket på kva utbetringar på tunnelane til dømes kostar – og det er mange slike som treng opprusting – så svarer det seg rett og slett å byggja nytt.

– Ikkje minst om ein tenkjer på alle utlegga som kjem i kjølvatnet når alle vegfarande må venta eller køyra andre vegar så lenge utbetringsarbeidet pågår, seier Ringkjøb.

I same retninga

Når det gjeld vegen mellom Dale og Voss, så vil utbetringar saman med Jernbaneverket og samarbeid om tunnelbygging, vera svært viktig, meiner dei to.

– Me må alle dra i same retninga, og lyfta fram E16 så ofte me kan. Ikkje minst er det viktig når me ser kva merksemd E39 vil koma til å få og alt får.

– Når det er snakk om å tevla om vegpengar, så må me stå samla om denne vegen, og det føler eg me gjer også, seier Haga.

– Det er vel som om å stå på same sida av seglet og blåsa alle saman, legg kollega Ringkjøb til.

Utgått på dato

Dei er også glade for at det går meir over på prosjektfinansiering av vegprosjekt heretter. Det fungerer enkelt sagt slik at ein får pengar til vegprosjektet heilt til det gjennomført, og ikkje må venta på at det kjem noko på statsbudsjettet.

– Når det gjeld vegen mellom Dale og Voss, så er det vel berre to strekkjer som held mål – frå Kvåle til Bulken og frå avkøyringa til Verpelstad til Dale, meiner Ringkjøb.

– Resten har gått ut på dato, slår Haga fast.

Må byggja for framtida

– Ja, dei som i si tid kritiserte vegen mellom Voss og Dale for å vera for smal og ha feil kurvatur då den vart opna for vel 20 år sidan, hadde heilt rett.

– No må me i alle fall ta den lærdomen at me byggjer veg for framtida, avsluttar vossaordføraren.