Det er helgane 13. til 15. juli og 10. til 12. august som er dei aktuelle, melder Gry Walle, som er rådgjevar ved miljø- og klimaavdelinga hjå fylkesmannen.
To-delt
Føremålet er todelt; ein ser behov for å få testa ut logistikk knytt til eit fiske av vossolaks.
– Og me ynskjer å finna ut kvar og korleis laksen fordeler seg i vassdraget, skriv Walle.
Om ikkje tilbakevandringa av vossolaks endrar seg negativt, ventar ein at det vert mogleg å opna opp for eit avgrensa fiske av laks i vassdraget til neste år.
– Desse to helgane vil det vera full aktivitet i vassdraget med eit fiske retta mot laks. All laks vert kontrollert, berre laks som har snutemerke vert avliva. Dette merket er viktig for forskinga og forvaltninga, legg ho til.
Best rusta til neste år
For å finna ut om ein laks har snutemerke, må han scannast. Voss klekkeri vil difor reisa ut desse helgane med scannar.
Rapportane frå forskingsnøtene i fjorden går på at det er stor fisk som kjem no, største til no er på ca 18 kg.
– Så kanskje vert det på nytt tatt storlaks i Vossavassdraget desse helgane, heiter det.