Det er klart for folkefest på 17. mai, etter to år med dempa stemning og koronarestriksjonar.

Hordaland har dei siste åra hatt direktesending frå feiringa på Voss, og i år vert inga unntak.

Frå klokka 09:40 sender programleiarane Ørjan Brattetveit og Tonje Oliversen direkte frå idrettsplassen. Solgunn Flatebø Mandelid har ansvaret for teknikken bak kamera.

– Herifrå skal me fylgja barnetoget. Det blir eit par intervju på starten av dagen, og så er meininga at dei som sit heime kan fylgja med og sjå om dei finn nokon dei kjenner frå toget, seier programleiarane Brattetveit og Oliversen.

Sjå studio-sendinga frå i fjor: Sjå opptak frå 17. mai-sendinga med gjester, underhaldning og musikk

Variert program

Hordaland flyttar seg saman med toget, og endar opp ved Hestavangen.

I løpet av sendinga får Hordaland-programleiarane besøk av mellom anna ordførar Hans-Erik Ringkjøb, barn og 17. mai-komiteen.

Det blir intervju, underhaldning og glimt frå barnetoget.

– For sjåarane blir det ein god start på dagen. Det blir god stemning, og 17. mai-glede, seier Brattetveit.

– Personleg ventar eg at dette blir tidenes 17. mai. Dei siste to åra har det ikkje vore like mykje fest og moro, så eg trur og håpar at folk skal feira litt ekstra i år, legg Oliversen til.

Difor blir det stemningsrapport og filming frå gata, og ikkje i studio i år.

Sjå heile programmet for dagen: Slik vert 17. mai på Voss. — Endeleg klart for skikkeleg folkefest igjen

Send inn dine foto

Me har også veldig lyst å sjå korleis du som lesar feirar 17. mai i år.

Dersom du legg ut noko på Instagram, tagg oss #avisahordaland eller @avisahordaland, send snap til avisahordaland eller send foto til e-posten lesarfoto@avisa-hordaland.no

Utover dagen blir det lagt ut saker på nettavisa, i tillegg til fotogalleri med lesarane sine foto frå nasjonaldagen.

Til lukke med dagen!