Alt ifrå å snakke med barnebarna som bur langt vekke over videosamtale, til å betale rekningar på nettbanken krevst det digital kompetanse. Samstundes har me mange ungdom som står utan sommarjobb.

Medan store delar av befolkninga har gjort eit stort hopp innan digitalisering under korona, har ei av dei mest utsette gruppene fått det endå vanskelegare. For å sikre at fleire kan «leve heile livet» ynskjer Voss Unge Høgre at heradet skal opprette ei prøveordning med sommarjobbar for unge kor dei kan drive opplæring i digitale verktøy og hjelpemiddel for eldre. Dette vil føre til arbeidsplassar til ungdom og auka digital kompetanse for eldre. Dette vil også vere ein fin berebjelke for unge og eldre til å få innblikk og forståing for kvarandre.

Ved å gi hjelp i form av kurs og rettleiing kan fleire eldre få digital meistringsfølelse og ein skapar arbeidsplassar til ungdom. I eit Norge på sitt beste så klarer ein å inkludere alle i samfunnet, difor bør Voss herad vere tidleg ute med å starte opp eit slikt prøveprosjekt.