SVARAR: Senterpartiet og Arbeidarpartiet med Sigbjørn Hauge (t.v.) og Hans-Erik Ringkjøb i spissen forklarer bakgrunnen for å satsa på modulbygg for Bolstad barnehage. Foto: Rolf Tepstad

Bolstad barnehage

Me ynskjer med dette lesarinnlegget å svara alle som har engasjert seg i saka om barnehage på Bolstad den seinare tida, skriv Bjørg Djukastein, May Røssland, Stein Helge Mandelid og Hans-Erik Ringkjøb (Ap), Helene Berge Flatekvål, John Almeland, Tonje Såkvitne og Sigbjørn Hauge (Sp).

Heradsstyret vedtok i desember 2019 at det skal opprettast midlertidig barnehage på Bolstad frå hausten 2020. Det vert godt for både born og vaksne i grenda. Omgrepet midlertidig uroar fleire. Dei som kjenner på dette, skal vita at me skal gå frå midlertidig til permanente løysing når saka om barnehagar i vest er fullt utgreidd.

Administrasjonen har vore lojal mot heradstyrevedtaket og har funne ei løysing på korleis få til barnehage på Bolstad innanfor ramma på 2,5 millionar som vart vedteke. Løysinga med modulbarnehage vart presentert for Utval for levekår i møte 14. januar og for formannskapet veka etter. Frå administrasjonen vart det då lagt vekt på at med denne løysinga er ein sikra at barnehagen er klar til nytt barnehageår i august. Modulbygget vil kunna gje plass til fleire born, slik at alle borna frå Bolstad vil kunna få plass. Gymsalen i skulen kan brukast som leikeareal.

I vedtaket heradstyret gjorde i budsjettet har administrasjonen fått i oppdrag å sjå på ei ny og framtidsretta organisering av barnehagane vest for sentrum. Modulbygget gjev oss tid og rom til å jobba fram ei god ny permanent løysing. Modulane kan seinare nyttast andre plassar i heradet. Både borna og dei som skal jobba i barnehagen, fortener at me gjer alt me kan for å gje dei framtidsretta barnehagelokale, som er eigna for god og fleksibel barnehagedrift.

Me ser fram til å få på plass ei god løysing for born og foreldre i vest.

Bjørg Djukastein, May Røssland, Stein Helge Mandelid og Hans-Erik Ringkjøb (Ap), Helene Berge Flatekvål, John Almeland, Tonje Såkvitne og Sigbjørn Hauge (Sp).

Les også
Modulbarnehage på Bolstad
Les også
– Me er positive til modulbygg
Les også
Barnehage på Bolstad nok ein gong?
Les også
Barnehage på Bolstad
Les også
– Berre modulbygg kan sikra barnehagestart på Bolstad