Gå til sidens hovedinnhold

Dagleg, fysisk aktivitet i skulen

Artikkelen er over 7 år gammel

Nyleg var over tretti lærarar, rektorar frå Ulvik, Granvin, Ullensvang med på seminar om Fysisk aktivitet i skulen, læring i fag, helse og trivsel. Voss og Eidfjord var og med på seminaret med få representantar.

Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Bakgrunnen for seminaret var røynsler frå barneskulen Trudvang i Sogndal.

Fysakk

Lærar Tom Wergeland understreka i sitt innlegg at fysisk aktivitet – fysakk – er viktig for læring og førebyggjande folkehelse, vekst og utvikling av sjølvkjensle og mental helse. Uteskule med fag fremjar sosial kompetanse, samspel med naturen og eit godt læringsmiljø. Fleire skular med dagleg fysisk aktivitet kombinert med fag – har eit godt læringsmiljø, høg trivsel og lite bruk for eigne mobbeplanar.

Den helsemesssige delen av fysisk aktivitet er godt dokumentert gjennom forsking – læringseffekten veit ein og ein del om gjennom røynsle og kunnskapsmålingar.

Granvin skule er på snittmålingar over tid – den andre beste skulen i landet på Nasjonale prøvar. Trudvang skule er på fjerdeplass samanlikna med alle skular i Norge. Begge desse skulane har drive og driv og utviklar aktivitet, uteskule med læring i faga.

Blide og samarbeidsglade

Lærarane ved Trudvang ser aktive, blide og samarbeidsglade born i uteskulen. Dei ser og betring i konsentrasjon og auka læringseffekt for alle typar elevar. Brukarundersøking mellom foreldra understrekar og dette.

Det er kontaktlærarar som driv uteskulen som ein del av den daglege opplæringa, gjerne fleire klassar i lag over 30 minutt tre dagar kvar veke uansett ver.

Kontaklærararane får oppleva elevane sine i ulike situasjonar og dette er viktig ved elev og foreldresamtalar. Utviklingsamtalane viser fleire sider av borna i ulike situasjonar. Elevane likar å vise kva dei kan for kvarandre og læraren.

Fagleg øving

Aktivitetane er leikprega og lystbetonte. Fagleg øving på kunnskapsmål i alle fag gjer «Fysakken» til ein arena for meistring og repitisjon i fag elevane skal jobba med. Dette meiner lærarane er ein vinn-vinn situasjon for alle.

Tom Wergeland meiner alt kan lærast og jobbast med i uteskulen, ein har låg motorisk terskel, litt konkurranse aukar intensitet og ein fokuserar ikkje på «vinn» i aktiviteten. Lag- eller paarrbeid fremjar læring gjennom drøting og gjev trening i samhandling. Alle skal oppleva meistring.

Lærarane førebur aktivitetar som til ein vanleg time og Trudvang skule byggjer opp ein aktivitetsbank til felles bruk for dei tilsette. Fysakk betrar sjølvkjensle, konsentrasjon og minne som påvirkar skuleprestasjonane.

- Vanlege aktivitetar i utetida er, bingo i faga, glosestafett, rundløype, øving i alle rekneartane, kunst og handverk, natur/ samfunnsafag og sjekk av måloppnåing.

Geir Kåre Resaland i idrettsavdelinga på høgskulen har doktorgrad i « 60 min dagleg fysisk aktivitet.» Han er og leiar for ASK prosjektet i Sogn og Fjordane. ASK står for aktive, smarte barn. Prosjektet skal forska på læringseffekten i fagleg uteskule over fire år ved skular i Sogn og Fjordane, og departementet bidreg med 30 millionar til dette viktige arbeidet.

Han meiner me står overfor to val: Auka skilnaden mellom borna, eller ha eit opplegg som når alle barn/ unge i skulekvardagen . Fysakk kan vera ein metode for å vektleggja alle, tilpassa opplæringa, hjelpa kvarandre, variera undervisninga gjennom samarbeid vaksne/ born og borna imellom.

Inaktivitet er farleg

Fysakk gjer borna robuste, friskare og meir uthaldande i læringssituasjonar. Resaland la fram heilt dagsferske tal frå Kunnskapsgrunnlaget, eit hefte utarbeidd av helsedirektoratet.- Der er det eintydig slått fast at inaktivitet er den ein alvorleg folkesjukdom. Difor føreslår dirktoratet minst 60 min dagleg fysisk aktivitet med variert intensitet for born og unge. Vaksne og eldre 150 min aktivitet kvar veke.

Foreldre – føresette må avgrensa born / unge sitt nettbruk til to timar dagleg. Forskning viser at norske femtenåringar brukar i snitt 32 timar i veka framfor ein skjerm. Resaland oppmodar og foreldre å vera gode rollemodellaar i høve avgrensing i bruk av nettbrett – mobilar: «Det hjelper lite å avgrensa borna si tid framfor ein skjerm om foreldra har uavgrensa bruk som borna legg merke til.» Ei eiga ekspertgruppe frå departementet føreslår no ein time dagleg fysisk aktivitet kvar dag i både grunnskule og vidaregåande skule. Dette vert arbeidd med politisk .

I dag viser forskning at 90 prosent av 6 åringane er fysisk aktive, 70 prosent av niåringane, 40 prosent av 15 åringane og 20 prosent i aldersgruppa 20-70 år. Med fysisk aktive meiner ein her meir enn 30 min kvar dag.

Den nye regeringa har felles mål mot auka fysisk aktivitet både i skulen og i samfunnet generelt som førbyggjande tiltak mot inaktivitet og folkehelse. Likeeins må det leggjast til rette for trygge gang og sykkelvegar – minka foreldre si køyring til skule og fritidaaktivitet. I verda i dag er det 1, 6 milliardar menneske med alvorleg overvekt og talet er raskt stigande.

Skulen viktigaste arena

Seminaret i Sogndal understreka at skulen er den viktigaste arenaen for fremjing av sunn livsstil gjennom fysisk aktivitet og læring, sunn mat , frukt og god matpakke.

Difor er det no sterke politiske signal og vilje til forskning og dokumentasjon på læringseffekten i fysisk aktivite kombinert med fag i skulen , slik den er praktisert og vil verta utprøvd i store deler av Norge no framover.

På seminaret i Sogndal møtte lærarar, rektorar, kommunalsjefar og rådmenn frå Granvin, Ulvik,Ullensvang, Eidfjord, Aurland og Voss.

Dessutan sentrale personar frå Nord Trøndelag, Horten og Hallingdal. Deltakarane på seminaret rosa opplegget for dagen og fekk ny kveik med attende til eigne kommunar og skular.

«Dette skal me få til og prøva ut, var stemninga blant dei 94 seminardeltakarane. Dei retta ein stor takk til Trudvang skule og høgskulen som gjorde dette gratis – utan kurshonorar.

Blide born, nøgde lærarar og foreldre

Førelesarane i Sogndal opplever eit stort fokus på aktiv skulekvardag. Eit fokus dei meiner alle kommunar og skular, må ta inn over seg, prøva ut i små porsjonar og førebu seg på ei utvikling som er på veg inn som ein særs viktig del av skulekvardagen.

Dei understrekar at lærarar kan prøva ut ein aktiv skulekvardag, byrja i det små og utvikla dette gradvis. Lærarane ved Trudvang førebur ei Fysakkøkt som til vanleg skuletime.

Eit godt materiale og opplegg lettar planlegginga.

Blide born, nøgde lærarar og foreldre sikrar ein god og variert skuledag for elevane!

Kommentarer til denne saken