– FOR ENKEL FRAMSTILLING: - Å seie at forsking eintydig seier at store klassar ikkje har noko å bety for læring, blir feil, meiner Anders Gjeraker i kjølvatnet av temadagen om oppvekst i heradsstyret sist torsdag. Han meiner dette blir ei for enkel framstilling å gje til politikarane, og påpeikar forsking som viser at små klassar ofte er betre. Illustrasjonsfoto. Foto: daniel melve kvarme

– For enkel framstilling om forsking knytt til storleik på skuleklassar

Om forsking knytt til klassestorleik og lærartettleik – kommentar til Frode Monsen sine utsegner i heradsstyret.

Av Anders Gjeraker, Hovudtillitsvald Utdanningsforbundet

Torsdag 18. mars var tenesteområda innan oppvekst tema for fyrste del av heradsstyremøtet. Det var nokre interessante timar med mange gode innlegg og orienteringar.

Tonje Såkvitne (SP) hadde mellom anna eit innlegg der ho trekte fram betydninga av lærartettleik og klassestorleik. Kommunalsjef Frode Monsen sin kommentar til dette innlegget var at forskinga seier at det ikkje er noko signifikant samanheng mellom lærartettleik, klassestorleik og læringsutbyte. Eg meiner dette blir ei for enkel framstilling til politikarane. Eg har i etterkant bede Monsen om å sende meg link til kva forsking han syner til, men førebels har eg ikkje fått noko svar. Eg vil syne til forsking som seier det stikk motsette.

ANDERS GJERAKER: Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet på Voss. Foto: Rolf Tepstad

Det er mogleg det er John Hattie kommunalsjef Monsen vil syne til. Arbeidsgjevarsida i norsk skule har i lang tid støtta seg på den kjende skuleforskaren Hattie sine studiar, der han m.a. seier at tal elevar i ein klasse ikkje har betydning for læring. Hattie er i seinare tid vorten gått i møte av mange, og Hattie sjølv har nyansert korleis ein må forstå forskinga hans. Store klassar set til dømes klare føringar for det pedagogiske handlingsrommet.

Kunnskapssenteret for utdanning (KSU) gjorde i 2015 ei kartlegging av forsking om lærartettleik. I si samla vurdering konkluderte KSU med at 15-18 elevar per lærar var eit gunstig tal med tanke på læring.

Amerikanske National Education Policy Center laga i 2014 ein samlerapport som vurderte omfattande forsking på lærartettleik og klassestorleik. Dei konkluderer med at klassestorleik har betydning for elevane. Dei seier at eit lågare tal elevar per lærar har relativ stor og varig positiv effekt på elevane si læring. Størst effekt har det på born frå låginntektsfamiliar og born med minoritetsbakgrunn.

CSPAR (Class size and pupil-adult ratio) er ein kjent britisk studie der meir enn 10.000 elevar vart fylgde over 5 år. Studien synte at elevar i små klassar presterte betre. Effekten var størst for dei fagleg svakaste elevane og for dei yngste elevane.

Ein omfattande studie frå USA kalla STAR (Student Teacher Achivement Ratio) konkluderte med at elevar som gjekk i små klassar fekk eit forsprang på elevar som gjekk i større klassar.

Iversen og Bonesrønning si undersøking frå 2011 konkluderte med at elevar som har foreldre med berre grunnskuleutdanning har størst utbytte av å gå i små klassar.

SSB (Statistisk sentralbyrå) har sett på effekten av 600 ekstra lærarstillingar som Stortinget gav pengar til i 2012. Rapporten kombinerer ei kvantitativ effektevaluering som bygger på registerdata frå SSB og ein kvalitativ implementeringsstudie der ein har gjennomført spørjeundersøking av elevar, lærarar og rektorar. SSB seier at ein ikkje ser effekt i den kvantitative undersøkinga (kanskje denne Monsen synte til?), medan ein i den kvalitative undersøkinga konkluderer med at ekstra lærarressursar har stor betydning på fleire område.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klassestorleik og lærartettleik åleine er sjølvsagt ikkje avgjerande. Det er mange faktorar som spelar inn, som t.d. klasseleiing og relasjonsbygging (men dette er jo oftast også enklare i mindre klassar). Samstundes treng det ikkje vere bra at klassane er for små. Å seie at forsking eintydig seier at store klassar ikkje har noko å bety for læring, blir likevel feil.

Det blir vidare problematisk når kommunalsjefen presenterer slike forenkla bilete til politikarane i budsjettsamanheng, når dette kan takast til inntekt for kutt i lærarstillingar. Likeins kan det verta problematisk om politikarane berre får presentert einsidig forsking når det gjeld spesialundervisning, eit tema som vil stå på agendaen i tida som kjem. I heradsstyremøtet vart det frå administrasjonen vist til Thomas Nordahl si forsking, som igjen kan takast til inntekt for ei organisering som kostar mindre. Anna forsking, som går imot eller som nyanserer Nordahl , vart ikkje nemnt.

Eg forventar at administrasjonen framover presenterer større delar av biletet for politikarane.