Dette kan endra vår måte å leva på

Dei strengaste tiltaka i fredstid er sette i verk i Noreg. Det er drastisk, det me no opplever i covid-19-pandemien.

Mange vil oppleva det som nesten litt uverkeleg. Som noko me ser på film, og noko me ikkje har kontroll på. Skular og barnehagar vert stengde. Mange held seg vekke frå arbeidsplassen og arbeider frå heimekontor. Kultur- og sportsarrangement og -aktivitetar vert stogga. Jamvel frisørar må stogga aktiviteten. Ei rekkje andre tiltak er også innførte. Store delar av Noreg vert stengt ned.

Så langt har me ingen smitta i vår region. Folk bør i størst mogleg grad unngå å reisa inn og ut av regionen, og hyttefolk bør også halda seg heime.

Tiltaka er nødvendige for å avgrensa smitten. Dette er spesielt viktig av solidaritet med alle som er eldre eller har underliggjande sjukdommar som plasserer dei i risikogruppa.

Samtidig rammar både pandemien og tiltaka. Mange verksemder får sterkt redusert inntening. Mange kjem til å oppleva veldig tøffe tider framover. Spesielt rammar det reiselivet, som Voss og Hardanger til vanleg er avhengige av. Turisme er største næringa vår. Mange både her og i andre næringar risikerer permitteringar i takt med fallande trafikk frå heile verda.

Heldigvis har me ein stat med pengar som seier seg villig til å hjelpa. Det er nødvendig med krisepakker, elles vert situasjonen dramatisk for mange aktørar i næringsliv og kultur. Fleire risikerer konkurs.

Kva vert så dei andre fylgjene av korona-pandemien? Det er tidleg å slå fast enno. Og konklusjonane bør trekkjast etterpå, men det kan tenkjast at me ser konturar av endringar.

Liva våre blir forandra dei neste vekene. Men spørsmålet er om endringane til ei viss grad vil halda fram ut over berre dei neste vekene.

Pandemien kan koma til å endra måten me tenkjer på. Den viser at Noreg i større grad bør vera sjølvforsynt når det gjeld å produsera mat. Me kan ikkje basera oss på at altfor store delar av det norske matforbruket skal vera bygd på import. Det set oss i ein svært sårbar situasjon. Berre tenk på hamstringa i daglegvarebutikkane me ser no. Norsk matproduksjon kan verta viktigare enn nokon gong framover. Beredskap vert eit nøkkelord.

Det same gjeld mange andre vareslag. Me kan ikkje vera altfor avhengige av utanlandske produsentar i eitt og alt. Ein del nødvendige varer er det viktig at me kan produsera sjølve.

Eit anna spørsmål er om me risikerer pandemiar som dette meir regelmessig framover. Vil livsstilen med mange og raske reiser verda rundt verta ein stadig større risikofaktor både for miljøet og den globale helsa? Spørsmåla er mange, og den veldige internasjonaliseringa kan snu. Samtidig må me støtta kvarandre!

Artikkelen held fram under annonsen.

Inntil vidare er det viktig at me alle fylgjer lojalt dei råda og pålegga me får frå helsestyresmaktene.

Så får me håpa at me klarar å avgrensa smitten. Og at det heile går fort over, sjølv om det er grunn til å tru at unntakssituasjonen vil vara ved ei tid framover.