Gå til sidens hovedinnhold

Har graset på Idrottsplassen fått banesår?

Artikkelen er over 10 år gammel

Sjølv om 500 damer varma opp i samband med årets Vossasvint, trur eg ikkje det.

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

No er det midt i sterkaste vekstsesongen, frøa er sådde og vatninga er upåklageleg om dagen. Graset spirer nok i god tid til Voss Cup. Eg meiner at det ikkje er nokon grunn for at den utmerka nye komiteen skal «leggja seg flate» og be om orsaking for at bana vart teken i bruk.

Vossasvinten vart arrangert for 21. gong. Det kunne ikkje vera noko overrasking at bana skulle brukast. Me har ei flott og felles oppvarming som gjer oss både varme og motiverte til å ta ut på dei fire kilometerane Banemeistaren burde sjølv teke vekk skiltet denne dagen. Vossasvinten må ha sin naturlege plass på bana og bana bør vera klar til nettopp dette arrangementet. Neste år kan det godt stå Velkommen! på skiltet.

Vossasvinten er eit arrangement som samlar opp mot 500 deltakarar i både sol og regn. Det har ei munter og imøtekommande ramme der me alle kjenner oss velkomne, uansett alder og form. På ein fotballkamp t.d. er det 22 aktive spelarar som deltek og mange på tribuna. På Vossasvinten er det knapt nokon på tribuna fordi alle deltek. Klart dei som spring fort i fremste rekke konkurrerer, men det er ikkje det som vert mest vektlagt i arrangementet. Her er det ekte trivsel, glede og aktivitet og folkehelse på sitt beste.

Slike arrangement fortener ei open grasbane og ikkje skjenn. Me treng idrett for moro skuld!