KLUFTAFJELLSTUNNELEN 2016: Lokalpolitikarane i Voss og Vaksdal og ev. andre må passa på å gå i takt framover slik at det ikkje forstyrrar prosessen og stå på for K5, og me andre må stemma på dei som viser ansvar for liv og helse på E16. Foto: Voss Brannvern

K5 og Hordfast

Det var kjekt å lesa i Hordaland om K5, ny veg og bane Arna – Voss.

Men når ein ser litt i andre media er det gjerne ingen grunn til å jubla likevel?

Er fare for at dei som bur langs vegen og andre som brukar vegen, kan bli veldig skuffa.

K5 er rett nok rangert først, men det er mange nok som vil ha Hordfast til at det kan bli endra.

Og landet har akkurat fått ny vegdirektør, Ingrid Dahl Hovland, og ho vil gjera K5 om til eit rassikringsprosjekt, ta det som er verst og i tur og orden. Frå den kanten betyr det arbeid på stengt veg, trafikkavvikling, klattvis og delt og ein blir aldri ferdig og det kostar uhorveleg mykje pengar.

Les også
Sju timar tok det fylkestinget å landa NTP-uttale

Men det viktigaste: Det blir ingen ny veg, eller K5, om ein vil.

Historisk brukar megaprosjekt i Norge å sprekke dramatisk i forhold til budsjett, og begge desse er i tillegg ei stor utfordring både teknisk og med stor risiko.

No skal i første omgang koronakrisa på plass økonomisk, og det er store tal. Det vil vera litt naivt å tru at det ikkje vil visa igjen på seinare investeringar i Norge og tempoet i desse.

Nytteverdi er eit begrep i samfedselsplanlegging. Men ein kan lura på korleis liv og helse inngår i desse reknemodellane?

Les også
No må Erna fylgja vedtaket frå fylket

Det samme etterlyser vossaordføraren i dagens BA i klare og kvasse kommentarer.

Eit anna forhold er at slike store prosjekt går over mange tiår frå ide til planlegging og gjennomføring. Og då har ein bytt mannskap mange gonger i regjeringskontora og ansvar kan også sublimera. Nok å visa til at føringane om K5 fra Samferdselsdepartementet i desember 2015 ikkje er så nøye lenger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalpolitikarane i Voss og Vaksdal og ev. andre må passa på å gå i takt framover slik at det ikkje forstyrrar prosessen og stå på for K5, og me andre må stemma på dei som viser ansvar for liv og helse på E16.

Erling Knapstad