TURISTSJEF I ULVIK: - Han eller ho bør vera kaospilot, står det i lysinga. Det var difor eg tenkte å søkja jobben, skriv Kvitanesen i dette skråblikket. Foto: Geir Geitle

Kaos i kommunen

Eg ser at Ulvik herad søkjer etter ny turistsjef og næringsutviklar, skriv Kvitanesen.

Han eller ho bør vera kaospilot, står det i lysinga. Det var difor eg tenkte å søkja jobben.

Sidan det er svært få formelt utdanna av dette slaget, trur eg at eg ligg godt an. I tillegg har eg litt lokalkunnskap om gamle naust og måstover langs fjorden.

Me tenkjer kanskje at pilotar flyg høgt på himmelen og let etter seg ei kvit stripe av vassdamp. Men desse bør ikkje styra etter kaosprinsippet, dei må fylgja alle reglar, vera edrue og fargesterke.

I gresk mytologi tydde kaos det myrkret som var til før gudane fann på å skapa kosmos. I kosmos er det orden og disiplin, medan kaos er berre rot og rastløysa. Men no skal det verta betre i Ulvik. Det skal koma ein pilot som skal losa bygda bort frå kaos og inn på trygg grunn.

Les også
Ulvik styrkjer staben med ny reiselivssjef

I den fjerne Austen har filosofane eit litt anna syn på balansen mellom orden og uorden, og eg trur det er denne definisjonen ordføraren har tenkt på i utlysinga. Kaos, eller fullstendig uorden og litt villskap, må til i ei bygd med folketalsnedgang. Ei perla skin ikkje for seg sjølv, ho må ha nokon til å sjå på seg.

Dersom eg får jobben vil eg fyrste dagen kalla inn til møte med dei som kjenner mest på at det finst eit slik kaos i bygda som det er mogleg å koma ut av. Piloten må kjenna litt til passasjerane og vita noko om kvar han skal landa etter eit par år i kommunen.

Eg ville ha starta leitinga i sentraladministrasjonen. På kulturkontoret vert det rikeleg av kaos å ta av no sidan der nesten ikkje er tilsette og den gamle kultursjefen ofrar seg for villsau. Men kulturen klarer seg sikkert utan pilotar, dei lever av fjerne fantasiar og skeive tonar.

So vil eg gå vidare til bøndene i bygda og by meg fram. Kva tenkjer dei om å koma seg bort frå kaoslivet og nå fram til eit meir avklåra, stabilt liv? Dei vil sjølvsagt at eg skal be for nok væta og mykje sol . Slik det no er finst det ikkje orden på veret. I vår har bøndene site i janusdress til langt etter 17. mai som det heller ikkje var skikk på.

I kyrkja er det nok kaos å ta fat på for den nye piloten. Folk sit nett kvar dei vil og syng salmar ingen kjenner verken melodien eller teksten til. Det hjelper ikkje at Edvard Hoem har fått St. Olavs orden. Rot er det.

Ingen ynskjer å leva i endalaust kaos. Me vil eta frukost til faste tider, sjå Dagsrevyen og planta tulipanar i dei same bedda år etter år. Me vil ha dei trygge fjella rundt oss og like mykje snjo som i fjor og skaraføre til jonsok. På skulen skal dei læra å rekna på gamlemåten og skriva for hand. Eg saknar både reknestaven og blekkhuset, svampen og skyvelæret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det vil eg ikkje nemna på i intervjuet om jobben som kaospilot