VIL HA SVAR: - Så eg oppmodar om at nokon av våre lokale bankar, her i «Hordaland», gjev oss ei oversikt over kva min Bank-ID faktisk kan brukast til, og kva misbruk eg kan verte utsett for, skriv Ola Folkestad. Illustrasjonsfotoet er teke under eit møte for ei tid sidan. Foto: Karl Ystanes

Misbruk av Bank-ID?

I desse koronatider vert det gjort fleire inngrep i våre demoktatiske rettar. Nokre synest å ha ein heller tvilsam heimel, skriv Ola Folkestad.

Andre synest å vere totalt utan heimel. Og det synest å vere stor vilje til å gjennomføre dei inngrepa vi vert utsette for.

Personvernrettane våre synest å vere spesielt utsette. I førre veke høyrde eg to gonger meldingar i dagsnytt om korleis gjenopning av kinoar skulle/kunne gjennomførast. Meldingane vart framførde som skikkelege gladmeldingar.

Les også
Svar til Ola Folkestad: Misbruk av BankID?

Spørsmålet var korleis kinodrivarane skulle sikre oversikt over dei 50 personane som kunne vere tilstades på kva framsyning kunne gjennomførast i praksis. Dette slik styresmaktene har stilt krav om.

Vedkomande kinodrivar som vart intervjua svarte, svært oppglødd, at alle billettane måtte kjøpast over nettet, for «då har vi allereide desse data tilgjengelige». Så vidt eg oppfatta det ville dette seie at når nokon kjøper slik billett, så skjer dette ved hjelp av Bank-ID, der vedkomande person vert identifisert via personnummeret sitt. Desse personnummera vil då kinodrivaren måtte ha tilgang til. Og ved så å kombinere opplysingane i dette personregisteret med stolseteoversikten (som kinodrivaren sjølvsagt har tilgang til) så vil kinodrivaren ha full oversikt. Dette ikkje berre i høve kven som er på kvar framsyning, men også over kven ein sit ved sida av (og kanskje har kjøpt billett saman med). Snakk om å ha full oversikt. Nokon negativ reaksjon på denne meldinga har eg ikkje registrert.

Det føreligg strenge lovreguleringar som skal sikre personvernet vårt. M.a. er det, så langt eg veit, ikkje lov å nytte personregister til andre føremål enn det som det aktulle register er oppretta for å ivareta. Eg kan aldri tenkje meg at noko aktuell mynde har gjeve løyve til å nytte mitt Bank-ID til skaffe seg oversikt over kven eg sit saman med på kinoen.

Så difor oppmodar eg om at nokon av våre lokale bankar, her i «Hordaland», gjev oss ei oversikt over kva min Bank-ID faktisk kan brukast til, og kva misbruk eg kan verte utsett for. Vidare om det faktisk er mogleg at min Bank-ID kan vert nytta til å skaffe full oversikt over kven eg sit saman med på kino, konsertar, boksekampar eller andre meir lugubre førestillingar. Og er dette i tilfelle lovleg? Har bankvesenet noko ansvar for at Bank-ID ikkje vert misbrukt på slik måte? Vidare om det føreligg andre liknande «ordningar». Atter vidare kva utfordringar det medfører at mitt personnummer, vert knytt til stadig fleire tenester, dette via Bank-ID eller andre identifikasjonssystem?

Ola Folkestad