HARDANGERBANA: I boka «Smått og stort frå Ganvin. Granvin herad 1891-2019» blir mellom anna Hardangerbana nemnd av Torbjørn Seim. Foto: Arkiv

Smått og stort frå Granvin. Granvin herad 1891-2019

Gamleåret er til ende. Det er også Granvin herad og Voss kommune. No er det Voss herad som gjeld.

Granvin fekk med seg både fela og heradet. Hjorten og kommunen laut vika, for ei ny tid i ein ny skipnad. Dei to symbola høver godt. Hardingfela og slåttemusikken står sterkt i desse bygdene, det gjer også nynorsken.

Granvin avslutta som eiga herad med å gje ut boka «Smått og stort frå Granvin. Granvin herad 1891-2019». Ei fin og klok markering, og ei nyttig og leseverdig bok. Ho er ført i pennen av Torbjørn Seim, Knut A. Kjerland og Lars Kvamme. Ordføraren Ingebjørg Winjum har også gjort sitt. Ho står oppført jamsides Torbjørn Seim, og har også skrive føreordet.

Boka er på berre 96 sider, men det er nok til sitt bruk, og det er ufatteleg så mykje det har vorte plass til, både av tekst og av bilete. Forfattarane skriv alle interessant og godt, kvar på si vis. Dei har orda i si makt og veit å ause ut, i nett høveleg mengd, informasjon og minnestoff i god blanding.

SKRIV: Arne-Ivar Kjerland. Foto: Privat

Torbjørn Seim var ordførar i to bolkar; 1968-72 og 1976-80. Han veg sine ord, klok og påliteleg som alltid. Det tener han til æra at han også har funne det rett å nemna at heradsstyre i 1961 gjorde eit samrøystes vedtak om at formannskapet og tiltaksnemnda fekk fullmakt «å gjera alt dei kan for å få til industrireising i Granvin – også når det gjeld ein aluminiumsfabrikk». Torbjørn var den gongen berre 33 år og nemner seg «urøynd». No er han over nitti og mykje røynd på alle vis, han har også skrive fleire bøker. Det er ein vismann som skriv!

Torbjørn Seim tek oss med i heile soga til heradet, frå 1891 til 2109. Han har plukka ut det vesentlege, og ikkje minst det som har prega identiteten til gravensarane. Fyrst i 1898 vart heradsnamnet «Granvin», også det etter ein kamp mot sentrale styresmakter. I 1902 (fire år før Noregs Mållag vart skipa), vedtok skulestyret at landsmål skulle vere opplæringsmålet i Granvin. I 1914 vedtok heradsstyret at møteboka også skulle førast på landsmål (nynorsk).

Kommunestruktur har vore er eit gjennomgåande tema i meir enn halve levetida til Granvin som eige herad, no er dette spørsmålet, eller «striden» ført til endes. Så får vi vona at «Voss herad» vart den mest tenlege løysinga for bygda.

Vegar og samferdsle, Hardangerbana, elektrisitetsverket og kraftutbygging er alle tema som «gamle-ordføraren» skriv oversiktleg og opplysande om. Saman med mange bilete, gjev bolkane gode minne for oss som har levde ei stund, og mykje «ny kunnskap» til komande generasjonar.

Sosiale tilhøve, og den hjelpa som heradet etter kvart har gjeve innbyggjarane, er godt presentert. Det som vi i dag reknar for sjølvsagd hjelp, har ikkje alltid vore det. Også i Granvin har det vore bolkar med arbeidsløyse. Å få finansiert og bygd aldersheimen tok ein heil generasjon. Som utflytt gravensar kjenner eg meg stolt av heimbygda, ikkje minst når det gjeld omsuta for dei eldste. Mi eiga mor vart 99 år, og fekk bu meir enn 25 år i kommunalt tilrettelagde husvære. I mange år kunne ho der hjelpa andre, med i dei siste åra trong ho om hjelp sjølv.

Det fortel ikkje lite om solidaritet og dugnadsånd i Granvin, at spreke pensjonistar organiserte arbeidet med å servera maten til dei eldre. Eg fekk vera vitne til dette då eg vitja mor. Ein av dei som kom med maten til henne var nettopp Torbjørn Seim! Så fekk dei to seg ein hyggjeleg prat i det same, til glede for dei begge, vil eg tru.

TORBJØRN SEIM: Det er ein vismann som skriv, meiner Arne-Iver Kjerland. Foto: Ingerid Jordal

Næring- og bygdeutvikling er også eit av dei tema som vi får innsyn i. Like eins det allsidige kulturlivet i bygda, og ein bolk om «krig og fred».

Det andre kapittelet i boka er skrive i av Knut A. Kjerland, mangeårig rådmann i Granvin. Han syner her at han meistrar skrivekunsten til anna enn berre sakspapir. Ja, spelemannssonen har mykje av kunstnaren i seg. Han er røynd og god på trekkspelet sitt, men det han skapar på pc-tastaturet er også av høg kvalitet, og originalt i si form. Han let oss få innsyn i samfunnsutviklinga gjennom formannskapssekretæren og rådmannen sine briller. Det er knapt til å unngå at vi finn att somt av det Torbjørn har vore inne på, også i teksten til Knut. Det gjer ingen ting. Dei to har kvar si gode forteljarstemme.

Det gode samarbeidet mellom dei folkevalde og kommuneadministrasjonen er ein gjennomgangstone i kapittelet til «Knut rådmann». Så fekk han også vera med på å skape mykje i sitt yrke. Det var ikkje sløsing med pengar, nei! Stundom var politikarane i meste laget påhaldne, men i det store og heile har nettopp varsemd og sparsemd ført til kloke investeringar, vore til nytte for bygda, og til glede for innbyggjarane.

Lars Kvamme har i det tredje kapittelet teke for seg skulesoga i Granvin. Det er ei soge som ikkje er mindre interessant enn resten av boka. Lars er godt kvalifisert til oppgåva, gjennom eit langt yrkesliv som pedagog og administrator. Det er ei sann gleda å lesa teksten til Lars. Eg lærer mykje, og minnest opp att mangt som eg har gløymt. Dessutan har også han ein personleg skrivestil, som gler ein glad lesar.

Granvin herad har gjeve alle gravensarar ei verdfull kultur-gåve med denne boka. Det er rett og slett «gode pennar» som har skapt eit godt produkt. Takk skal de ha alle.

Arne-Ivar Kjerland