Gå til sidens hovedinnhold

Vegstengning på E16 ved Kvåle

Artikkelen er over 7 år gammel

NAF ynskjer å understreka alvoret i nok ei vegstengning som oppstod ved Kvåle torsdag forrige veke.

Me hugsar fortsatt godt april 2013 der vegen var stengt vel 14 dagar. Konsekvensar for reisende og næringsliv er store, tilliten til våre samferdselssystem er dalande.

NAF stiller seg difor undrande til dei prioriteringar Statens Vegvesen utøver når ein nok ei gang stengjer vegen på ubestemt tid, samstundes som ein ikkje har anleggsdrift på rasstaden i helg eller kveld/natt.

Omkøyringsveg sørsida av Vangsvatnet er iflg Statens Vegvesen informasjonsteneste ikkje anbefalt lenger og all trafikk skal gå via Hardanger. Samstundes er det togstans på dagtid, noko som aukar frustrasjonen i situasjonsbiletet.

NAF ynskjer å utfordra Statens Vegvesen til umiddelbart å søkja smidigare løysingar forbi rasstaden i form at eitt køyrefelt eller kolonne. Ulempene med å senda trafikantane på den lange og farlege reisa om RV7 Hardanger er inga akseptabel løysing og me vonar Statens Vegvesen tar innover seg alvoret i situasjonen.

NAF ynskjer om nødvendig å lyfta saka for samferdselsdepartementet for uttale.

NAF avd. Voss og Omland
v. Frode Rogne
Styreleiar

Kommentarer til denne saken