Dette vil kunna skje natt til sundagar, og det skal vera seks til sju slike støypingar med to-tre vekers mellomrom.

Fyrste gongen til hausten - med opphald komande vinter - før arbeidet vert starta att neste vår.

Tettare kontakt

Det fortalde ordførar Hege Eide Vik under bolken med informasjon fyrst i kommunestyremøtet på Dale denne veka.

Ho viste då til eit møte ho hadde saman med Bane Nor, Vy, Statens vegvesen og vossaordførar Hans Erik Ringkjøb, i slutten av sist månad.

– Som de kjenner til inviterte eg vossaordføraren til å vera med på å få desse aktørane til eit fellesmøte om samarbeid og sams utfordringar ved stengd veg og bane, fortel Vik.

Ein av konklusjonane etter møtet er at Bane Nor, Vy og Statens vegvesen framover vil ha tettare kontakt og sikra felles planar ved stengt veg/bane. Dette kjem med bakgrunn i korleis situasjonen var i haust då jernbanen var heilt nedstengd, forklarar ho.

Tunelloppgraderingar

– Me fekk også informasjon frå Vegvesenet om framdriftsplanen for tunneloppgraderingar på E16. Dalevågtunnelen og Hernestunnelen vil vera 90 prosent ferdige i august-september 2023, testing og ferdigstilling utover hausten, og ein vil vera heilt ferdige med dette arbeidet vinteren 23/24, seier ordføraren.

Dei resterande tre tunnelane vil vera nesten heilt ferdige fram mot sommaren 2024.

I mai kan me sjå fram til firedagars arbeidsveke og meir fri ferdsle, seier Vik vidare.

Etter møtet, har ho fått melding frå Vegvesenet om at dei har starta på den siste sprenginga for teknisk bygg, i Trollkonetunnelen. Når denne jobben er over vil ein gå over til fire dagars arbeidsveke. Det reknar ein med skjer innan utgangen av april.

Buss for tog

VY informerte på møtet om at det er planlagt 77 dagar buss for tog på Vossebana i 2023. Bane Nor og Vy har klart å arbeida fram ei løysing der ein berre stengjer Arna-Bergen når det er nedstenging av banen.

Dette vil sikra mykje betre framkomst for reisande, fortalde VY.

– Det vart også drøfta stopp for Bergensbanen på Dale stasjon, der eg spela inn at dette ynskjer me kjem opp att på same nivået som før arbeidet på banen tok til. VY sitt råd er å prioritera mellom avgangane i innspela til Vy, innspel som me vil senda i samband med at det skal lagast nye rutetabellar. Eg informerte også arbeidet med pendlarforeining i Vaksdal, og VY vil møta styret når det er etablert, avsluttar Vik.