– Då vil snøgrensa etter kvart flytta seg opp til 800 meter og deretter opp til 1200 meter, seier Reuder.

Også utover fredagen vil det koma nedbør i lågare strok, men då berre som byer og mest truleg som regn. Fram mot helga er det venta store snømengder, snøskredfare på raudt nivå og mykje vind i vossaområdet.

– Det blir ganske dårleg vêr, seier vakthavande meteorolog Susana Reuder ved Vervarslinga på Vestlandet.

Håp for laurdagen

Vidare utover i helga vil både vind og nedbør minka.

– Det vil roa seg frå fredag ettermiddag. Då blir det stort sett nordavind og overgang til byeaktivitet, seier meteorolog Susana Reuder.

Det kan høyrest ut som Reuder smiler når ho seier fylgjande:

– Laurdag blir det opphaldsvêr og kan henda med periodar med sol på føremiddagen. Det blir ein fin dag.

På sundag kjem nedbøren tilbake – mest sannsynleg som sludd eller snø.

– Me har ikkje heilt prognosane klare for sundag enno, men det ser ut som nedbøren vil koma som byer då.

Skredfare på raudt nivå

Fredag er det snøskredfare på raudt nivå, nivå fire. Det vil seia at det er stor skredfare.

– Det er fare for både flakskred og laussnøskred. Om du vil ha meir detaljar kring det må du snakka med NVE, seier Reuder.

Me spør NVE.

– Kva betyr raudt farenivå fire?

– At fleire og større skred kan losna av seg sjølv. På faregrad to og tre må det vera ein påverknad for at skred skal losna, for eksempel frå ein person. På faregrad fire kan dei losna heilt av seg sjølv og det kan bli store skred, seier Solveig Kosberg, vaktleiar i Snøskredvarslinga hjå NVE.

Ho fortel at det er vanleg at dei varslar nivå fire kring to-tre gonger i løpet av ein sesong.

– Men farenivå fem er nesten aldri. Då er det endå større og fleire skred, seier Kosberg.

Dårleg kombinasjon

Ho forklarar at det ligg eit svakt snølag omtrent på heile Vestlandet. Dette snølaget er skapt fordi det har vore ein kuldeperiode tidlegare. Dette snølaget har stor risiko for å losna når det kjem nye tunge massar oppå snøen.

– Det svake snølaget i kombinasjon med dette vêret blir ikkje så bra, seier Kosberg.

Ho oppmodar folk om to ting:

– Fylg med på Vegvesenet og 175 om ein skal ut på vegane, også ville eg ha venta med fjelltur til vêret har roa seg. Det er viktig å halda seg langt unna bratt terreng – både løsneområde og utløpsområde for moglege skred, seier Kosberg.

I samband med store snøfallet kjem Yr.no også med nokre oppmodingar:

  • Beskytt sårbare installasjonar og gjenstandar som ikkje toler så store mengder med snø.
  • Berekn ekstra tid til transport og køyring.
  • Bruk riktige dekk og køyr etter forholda.

Full storm på toppane

I tillegg er det venta mykje vind.

– Det blir stort sett vind frå søraust – frå sterk kuling til liten storm. På dei høgaste fjella kan det koma opp i full storm. Me får også kastevindar frå tidleg torsdag ettermiddag fram til tidleg fredag føremiddag. Kastevindane kan koma opp i 24 til 30 meter per sekund, seier Reuder.

Ho kjem med ei tydeleg åtvaring til alle som er i området.

– Ein bør unngå all ferdsel i fjellet og utsette stader fram til fredag føremiddag, seier Reuder til Hordaland.