Stanghellingen er nyleg tilsett som biblioteksjef i Modalen, ei 50 prosent stilling, med tilhald i Bryggjeslottet.

Me møter ho i biblioteket. Mona er oppteken med å opna bokkassar.

– Det praktiske arbeidet med litteraturen gjev meg ei ekstra glede, seier ho og nikkar mot ein halvopen bokkasse på golvet.

Søkte også på Dale

Ho pakkar ut bøker og registrerer inn nye bøker som har kome frå Norsk kulturfond, og konstaterer etter kvart at det er svært mykje godt som vert skrive og som skjuler seg mellom to permar.

– Sjølv om eg nok vart litt skuffa då ei anna vart tilsett i biblioteksjefsjobben på Dale for nokre månader sidan etter å ha samarbeidd med biblioteket på Dale i mange år, så er eg sjølvsagt glad for at eg har fått denne sjansen her inne.

Ho meiner dette er ein ideell plass for henne å vera.

– Eg er teken svært godt imot. Her er oppegåande låntakarar, eg har god kontakt både med skulen og kommunen, og dei som kjem innom meg veit kva dei vil ha, og det er eg svært glad for også, smiler ho.

Les også: Desse fekk prisar på Daledagane

Modalsdiktaren Olav Nygard

Mona set seg ved vindauga som vender ut mot fjorden, og har oppdaga ein svær foss i fjellsida bak seg, den har ikkje vore så stor dei få vekene ho har vore i jobben.

Det er godt å vera i naturen meiner ho, og tankane kjem fort over på Modalen sin store diktar, Olav Nygard.

– Olav Nygard hadde innsikt og levde og skreiv i spennet mellom liv og død, merkt av tuberkulosen som han var. Han kjempa mot, og han har ei nerve i dikta sine, der han også tek inn naturen på ein heilt spesiell måte. Det er tydeleg at han er merka av naturen frå sin eigen oppvekst i fjellheimen. Rett nok kan nokre av dikta vera litt tungt tilgjengeleg og krevjande, men slik er det vel ofte med livet også?

Same ettermiddagen me er innom, er det bokarrangement på Mobryggja. To strilebibliotekarar er på tur for å snakka om nye, gode bøker.

– Det er det fyrste arrangementet eg lagar til som biblioteksjef i samarbeid med Strilabiblioteket, fortel ho.

Og det kjem fleire framover.

Villanden forlag

– Du veit, eg driv no Villanden forlag også, det har eg gjort sidan 2008, minner ho om.

Ho gjekk lenge og tenkte på eit slikt eige forlag, og namnet kom symjande ein dag i Fossmark, bokstaveleg tala, i tillegg til namnet på eitt av Ibsen sine verk, sjølvsagt.

– Så langt har det kome ut 14 bøker på forlaget, nummer 15 er snart ferdig, og det har vore kjekt heile vegen. Eg er stolt over å ha kunna gått frå idé til å gje ut bøker, og å få fleire ut i alle biblioteka i landet gjennom innkjøpsordninga til Norsk kulturråd.

Tida i Fossmark gjorde også at ho vart kjend med Åse Lilleskare Faugstad, som også har vore der mykje,

– Me var nære naboar i åtte år, så det var heilt naturleg for meg å snakka med Åse og seinare å gje ut fleire bøker av det ho har skrive.

Lesekampanje i sommar

Mona brenn særleg for at born skal lesa meir.

– Me les alt for lite. Forsking viser at det skjer andre ting i hjernen vår når me les frå ei bok enn på ein skjerm. Det gjev ei eiga god kjensle å lesa bøker, og eg har ofte lest både for og saman med born.

Biblioteket i Modalen er med på eit såkalla Sommarles-prosjekt, som starta 1. juni.

Sommarles.no er ein nasjonal, digital lesekampanje for 1. - til 7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan ein registrera bøkene ein les, samla poeng, få premiar og lesetips. Her kan ein løysa oppgåver og fylgja med på kva venene les.

– Kanskje er det ekstra aktuelt å lesa om det skulle koma dagar i sommar som er slik som i dag, smiler Mona og nikkar ut gjennom vindauga, der regnet hamrar mot rutene og gjev nytt liv til alle bekkefar og elvar som stuper seg ned i Mofjorden.