Natt til torsdag 21. juli i 04-05-tida vart ein person observert i Brynalii, kring der den nye politistasjonen ligg.

Vedkomande gjekk rundt og fotograferte.

– Me ynskjer å identifisera han, snakka med han og få kunnskap om valet av motiv, påkledning med munnbind og hette og tidspunkt for fotograferinga, sa politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand til Hordaland i 10-tida torsdag.

Mysteriet løyst

Like etter klokka 12 same dag melder politiet at mysteriet er løyst.

– Då har nattfotografen i Brynalii meldt seg sjølv. Han tok kontakt då han skjøna at han var ettersøkt. Han har gjeve ei god forklaring på nattfotograferinga, og me avsluttar med dette vår gransking, seier Aarsand.

Han vil gje skryt til fotografen for å melda seg sjølv så raskt.

– Fotografen skal ha skryt for at han raskt tok kontakt slik at me kunne oppklara det som inntil då vart vurdert som mistenkeleg.