Dagsnytt 18 er ein programpost som tek opp dagsaktuelle emne. Sist måndag gjorde ordførar Ringkjøb ein fin innsats der med saklege og gode argument for å få prioritert E16 til å vera ein trygg og sikker veg.

Statssekretær Vasara hadde inga lett oppgåve med å forsvara regjeringa si nedprioritering av denne vegen. Han sa mellom anna: «Det handler ikke om prioritering, men om å vente.»

Då må eg spørja: Når prosjekt vert sett «på vent», utsett, er ikkje det det same som å nedprioritera. Når noko vert prioritert, vert det sett langt fram i ei rekkje, ikkje utsett og flytta bakover. Så finn fram ordboka og sjå kva det latinske ordet tyder. og så handlar ein deretter!

All ære til ordføraren og andre som kjempar for å prioritera betre og tryggare veg og jernbane mellom våre to største byar.