Viser til brev frå mor mi, Arnfrid Hjelmevold dagsett 21.11.22 om arkivsaksnr. 20/410 – 22/7522, gjeldande detaljreguleringsplan for Nedre Hjelmevold Bnr 67 Gnr 1. saksutgreiing og saksframlegg.

Før saka vert handsama i heradsstyret tillèt eg meg å skriva eit skriv direkte til dykk som medlemmer i heradsstyret. Eg vonar de vil vurdera saka ut frå ståstaden til oss som skal overta og forhåpentlegvis oppgradera og driva garden.

Om nokon framleis skulle vera i tvil, er heile familien, eg, mor mi og barna mine, eintydige på at me ikkje er interesserte i å få eit byggjefelt på garden vår. Ikkje i det heile. Det same gjaldt for bestemor og dåverande eigar, Johanna Hjelmevold, som seinast i samband med arealplanen i 2016 kom med motsegn mot byggjefeltet på garden.

At kommunedirektøren i saksutgreiinga til formannskapet har tolka mor slik at ho har vore forståingsfull eller positiv, kviler på ei mistyding. Det har me ikkje vore, og er me heller ikkje. Eg stiller meg og utanforståande til at enkeltmedlemmer i formannskapet er siterte på i Hordaland at «det har vore ein prosess med grunneigar som er god nok til å fatta vedtak». Det må og vera tufta på ei feiloppfatning sidan verken eg eller mor mi kjenner oss igjen i ein slik påstand.

I dag er det mor som eig og bur på garden. På litt sikt er planen at eg og sambuaren min skal overta og bu der. Då ynskjer me å leggja til rette for at eldste son min igjen kan overta etter oss og driva garden, med drift i hovudsak tufta på fruktproduksjon. Viss han ynskjer det når den tid kjem. Slik garden ligg i terrenget seier det seg sjølv at eit byggjefelt vil forringa driftsvilkåra og –grunnlaget.

Garden har vore i familien si eige i generasjonar. Etter den tragiske hendinga for vel 30 år sidan har det vore redusert drift og garden har delvis grodd til med kratt og lauvskog.

Når yngre krefter no er interesserte i å ta dette tilbake til landbruksareal vonar eg verkeleg at garden ikkje vert brukt til og delt i to av eit kommunalt byggjefelt. I ei tid der jordvern står sterkt og der ein brukar store ressursar for å få yngre inn i landbruket, vil det vera svært leit. Ikkje minst i Ulvik der det vel er tilgang på anna areal som eignar seg til bustadbygging og private husvære?