Hordaland oppdaterer saka med lokal informasjon etter kvart.

Politidirektoratet bad om at alle pridearrangement i heile landet skulle bli utsette som følgje av terrortrusselen, men går no tilbake på det etter at trusselnivået er senka til nest øvste nivå.

– Ei nasjonal tilråding om utsetjing av Pride-arrangement stansar. Politidistrikta vil sjølv gjera risikovurderingar knytt til enkeltarrangement og handtering av store folkesamlingar basert på det overordna trusselbiletet og lokale forhold, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.

Den nasjonale væpninga held likevel fram.

– Med denne endringa som PST no har varsla, vil me også justera på tiltakssettinga. Likevel blir den mellombelse væpninga halden oppe inntil vidare for alt innsatspersonell i politiet, seier Bjørnland.

Ny vurdering av parade på Voss

– Me tek ei ny vurdering i morgon saman med politiet, seier festivalsjef for Ekstremsportveko, Kjetil Kriken, som i utgangspunktet skulle arrangera Pride-parade på Voss.

Tidlegare på onsdag hadde dei tatt avgjersla om å avlysa arrangementet for å fylgja politiet sitt råd.