Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Dette er eit ope brev til rådmannen i Voss, med kopi til ordføraren i Voss og avisa Hordaland.
Eg skreiv om dette i avisa for éin og to månader siden og bad om ein kommentar frå den ansvarlege i Voss herad. Eg har også levert eit brev til ordføraren og rådmannen om det for éin månad siden. Eg har ikkje sett noko svar. Det synes eg er rart. Prøver heradet å teia det bort ? Eller veit ikkje heradet å svara for seg ?
Ekstremsportveko hadde altså søkt Voss herad og fått lov til å ha konsert eller spela musikk i teltet på Prestegardslandet til kl 02.30 frå tysdag til laurdag, altså fem netter den veka. Eg undrer på om den ansvarlege i heradet stempla søknaden som godkjent, sånn utan vidare, eller om den ansvarlege reflekterte over søknaden i høve dei reglar og føringar som gjeld for nattero og støy elles.
Heradet og den ansvarlege må vel ha kjennskap til IS-0327 og t-1442, som gjev føringer og rettleiing om støy og høg musikk. Men uansett veit ein at det skal vera lågare lydnivå på musikk etter kl 21 og svært låg i tida for nattero frå kl 23 til 07. Og at helgefreden gjeld frå kl 00 til kl 24, altså heile døgeret. Og at det gjeld i heile heradet, både på Vangen og elles.
Har heradet tatt seg bryet med eller stilt krav til Veko om å kontrollera lydnivået hjå naboar til teltet på Prestegardslandet? Hugs at me er mange naboar, og til dels langt unna. Med konsert på Prestegardslandet blir det som eit kjempestort amfi, der lyden ber oppover liene og dalsidene. Har naboane fått varsel om nattleg uro ? Har dei fått tilbod om alternativ overnatting, som IS-0327 nemner?
Eg nemner på ny at ein teltduk gjev liten og ingen isolasjon for lyd. Hvis ein vil ha konsert om natta må den vera innandørs, i eit bygg med vanleg god lydisolering. Eg ser ikkje for meg at ein vil klara å lydisolera like bra i eit telt. Har heradet stilt noko krav i så måte ?
Så kan ein seia at me må kunna tåla fem netter med høg musikk til kl 02.30, me som bur på eller nær Vangen. Og særleg med tanke på dei som bur i Palmafossen, med bråk frå flyplassen mest heile året. Men nattero og helgefred er ein rett me har, same kvar me bur! Eg likar ikkje at heradet tek den retten frå oss. Bryr heradet seg? Eller gjev heradet blaffen?