Ung og lovande
Nils Bergslien hadde mange talent som ung mann.
Nissekunst
Han er mest kjend for sine nissemotiv i alskens variantar.
Historiske måleri
Men han laga også historiske måleri, slik som Olav Digre på Hundorp år 1021. Biletet (her i utsnitt) er fire meter langt og heng i Voss Sparebank. Det syner Olav Digre (Olav den heilage) på kristningsferd.
Kunstnar og levemann
Kunstnaren skildra ikkje berre livet, han var også ein levemann.
Friar
Det seiest at han var hovudstups forelska i ei vossajente ...
Frå Vangsvatnet
... men då han kom heimatt etter tre år i Tyskland var ho bortgift og faren til Sør-Amerika.
Heimekjær og kjærleikssorg
Nils Berglien lei mang ei gong av kjærleikssorg og heimlengt gjennom livet.
Vossamunkar
Bergslien måla mange bilete av fransiskanarmunkar. Det var vossatypar som folk kjende att, ikkje akkurat i munkedraktene, men i oppførselen.
Familiemannen
Her er Nils og kona Johanna saman med borna Odd, Bergljot, Signe, Herborg, Bjørn og Ragna Nikoline utanfor atelieret på Bergsliskorne. Kvinna til høgre er ikkje kjend.
Bergslitræet
Besteforeldra til Nils Bergslien kjøpte i si tid husmannsplassen Bergslitræet.
Bergsliminne
Huset har seinare vorte nytta til å formidla kunsten til Bergsliane.
Bergslilyden
Til glede for Sølvi Øvsthus (bak) og andre som har vore innom stova.
Ridande vossabrudlaup
Relieffet er kanskje Nils Bergslien sitt viktigaste verk, og sikkert det kunstverket som har vore mest på flyttefot i vossebygda.
Bergsliparken
Bak kyrkja står monumentet over Bergslienkunstnarane, ein idè frå Magnus Dagstad, laga av Nils Bergslien. I sommar vart monumentet vaska ned, medan måsen sto klar til å setja sitt preg på verket att.
Sitt siste verk
Under arbeidet med Bergslien-monumentet var Nils Bergslien alvorleg sjuk. To månader etter at det står ferdig døyr han i desember i 1928.
Nils Bergslien: – Ein raudkinna bondegut som var ikkje så lite glad i jentene
Ein folkekjær kunstnar som ikkje har fått den plassen i kunstsoga han fortener – ein raudkinna bondegut som var ikkje så lite glad i jentene. Orda er mange om Nils Bergslien, bileta enno fleire. No er livet hans festa til lerretet i ein ny film.