– Kult! Her vert det mange vossingar å fylgja med på, seier formsterke Vebjørn Turtveit om at folk i heimbygda no kan fylgja med direkte på lokalavisa si nettavis. Noregscuprenn, junior-NM og hovudlandsrennet vert å sjå på Hordaland utover vinteren.

– Supert at vossingane kan fylgja med norgescupen på Hordaland. Dette blir eit knallbra produkt framover, seier Sjur Røthe, som må levera to gode renn på Gålå for å koma med på verdscuplaget.

På startlista på Gålå frå fredag til sundag står også Daniel Dukstad, Erling Fagerbakke Fosse, Kristian Skjeldal og Karoline Simpson-Larsen.

Desse arrangementa kan du sjå på Hordaland i vinter

  • Norgescup Gålå, kvinner og menn, 25.–27. november 2022
  • Norgescup Nannestad, kvinner og menn, 17.–19. februar 2023
  • Norgescup Brumunddal, kvinner og menn, 10.–12. mars 2023
  • NM Junior Alta, kvinner og menn, 3.–5. mars 2023
  • Hovedlandsrenn Meråker, gutar og jenter, 24.–26. februar 2023.


Amedia og direktesport

Noregscupen er, saman med NM, det høgaste nivået for nasjonale langrennskonkurransar i landet. Dei er godkjende som FIS-renn, som inneber at det i tillegg til dei norske løparane som regel kjem utøvarar på høgt nivå frå andre nasjonar. For kvar av dei tre rennhelgene i noregscupen stiller opp mot 350 løparar til start. I junior-NM reknar arrangørane med 800 deltakarar. Like mange er venta å koma til hovudlandsrennet.

– Me kan visa desse renna fordi Amedia, som me samarbeider med, har inngått avtale med Noregs Skiforbund om senderettane denne sesongen. Våre abonnentar får tilgang til sendingane på plattforma «Direktesport» på vår nettavis, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Hordaland, Ingvil Aaen Torpe.

– Det er veldig kjekt å fylgja dei lokale utøvarane våre så tett som dette gjev oss moglegheit til, held ho fram.

Junior-NM direkte

Stortalenta Amalie Galaaen Røthe og Synne Ophaug Røthe vert høgst truleg å sjå direkte hjå Hordaland under junior-NM seinare i sesongen.

– Det er kjekt at det vert sendt på lokalavisa slik at fleire kan fylgja med på dei unge utøvarane også, seier Amalie Galaaen Røthe. Til helga går ho Fis-renn på Gålå og ho har klare mål:

– Målet til helga er å få to gode renn-gjennomkøyringar for å førebu meg best mogleg til norgescup. Hovudmålet for sesongen er norgescup på heimebane.

Viktige lokalaviser

– Det er veldig bra for ski-Noreg at me får vist desse renna direkte gjennom Amedia sitt distribusjonsnettverk over heile landet. I Equinor norgescup, junior-NM og i hovudlandsrennet får me vist fram våre aller beste skiløparar, breidda i ski-Noreg og ikkje minst at me ser morgondagens heltar. Arrangementa samlar også heile ski-Noreg på sitt beste, og me kjem til å sjå mange landslagsløparar på startstreken i fleire av disse renna. Lokalavisene i Noreg er utruleg viktige for oss, og me ser veldig fram til dette spennande nye samarbeidet med Amedia, seier langrennssjef i Noregs Skiforbund, Espen Bjervig.