Få ting fyller meg med så mykje glede som sommaren. Berrbeinte føter på svaberg, lange lyse sommarkveldar i godt lag, spontane badeturar, fuglekvitter, utefrukostar, irrgrøne bakkar, lukta av nyslått gras. For ikkje å snakka om den mytiske, heilt spesielle stemninga ved jonsokbålet. Ja, norsk sommar ER fantastisk.

Men er det lov å seia, etter to år med pandemi og noregsferie, at ein treng litt variasjon?

Etter to år camping på kryss og tvers av aust- og sørlandet, skal me i år, endeleg, til Syden. To veker på familiehotell i Alcudia. Denne gongen køyrer me full pakke. All inclusive, bassengutsikt, mat på flyet, you name it.

«Skal me verkeleg ha den flymaten?» sa min betre halvdel, «Den er jo alltid så dårleg likevel.». Eg sperra opp auga. «Hallo? Så klart skal me ha flymat! Eg bryr meg ikkje om det er innstørkna pasta, ihelkokt kylling eller knallharde rundstykke. Dette er ei prinsippsak. Flymat skal me ha.» sa eg.

Så blei det slik.

Likevel kjennest det litt rart å skulle reisa til utlandet igjen. Nesten forbode. Sjølv har eg ikkje vore utanfor landet desse to åra. No skal me leva litt att. Ut i den store verda. Ungane har sommarfuglar i magen. Særleg til sjørøvarskipet i bassenget, der det veltar ned ei bøtte med vatn med jamne mellomrom. Til is, brus, show på scena, og til buenos dias, gracias og por favor. Sjølv gler eg meg til varmen, god mat, gjerne ein paraplydrink av og til, og om eg er heldig – ein liten time for meg sjølv i vaksenbassenget.

Men eg veit med meg sjølv at når heimreisedagen nærmar seg, så kriblar eg etter å koma heim att. Til det enkle, trauste landet. Sjølv om det gjerne er regn, slik det ofte er på Vestlandet midtsommars. For graset er ikkje alltid grønare på den andre sida. Men ein tur over gjerdet i ny og ne, har me alle godt av.

God sommar!

Stine Carlsen, magasinansvarleg

Les desse sakene frå årets sommarmagasin:

Les også

Toril (54) skal selja bakevarer i det gamle sauefjøset: – Det har vore ei spesiell reise

Les også

Den usannsynlege kjærleiken og den siste bygdeoriginalen: – Me har levd av luft og kjærleik