Dører skal opna seg
Me er i det aller heilagste, i kvelvet hjå Voss Sparebank.
Skrambank
Bak tjukke betongdører og bobleplast dukkar det opp løynd Bergslienkunst i banken: Eit portrett av Amalie Skram.
Me veit ikkje om Amalie Skram har stått modell for biletet, eller om Knud Berglien har måla etter eit fotografi.
Laila Rynning Veum i Stiftinga Bergsliminne.
Kopi av ikon
No vil dei samla mest mogleg originalkunst og stilla ut i eit nytt Berglien kunstsenter. Dette er ein kopi som dottera til Laila har fått i premie.
Ikonisk bilete
Målet er å få tak i originalen av måleriet Birkebeinerne til samlinga.
Vossingane
Knud og Brynjulf er gutane som vaks opp i fattige kår på Voss og enda ved kongens bord i Kristiania.
No vil Bergslistiftinga skapa nasjonalt kunstsenter om Bergslibrørne i heimbygda Voss
Kunstnarbrørne frå Voss, Knud og Brynjulf Bergslien, er å finna i mange kunstsamlingar og galleri både i innland og utland, men nasjonalskattane deira har ikkje fått eit eige nasjonalt museum. Det vil Stiftinga Bergsliminne gjera noko med – på Voss.