annonse

Hjort påkøyrd av toget

STANGHELLE: Klokka 22.08 måndag kveld får politiet melding frå NSB om at vilt var påkøyrt av toget, ved Stanghelle. Det herska noko forvirring om dette var ein katt, men Ivar Hellene hjå Voss lensmannskontor stadfester at det var ein hjort.

– Hjorten var truleg død. Viltnemda vart varsla, opplyser Hellene.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse