annonse

Spør om utslepp og oppdrett

DALE: Måndag skal det vera formannskapsmøte på Dale, og Kjartan Haugsnes (SV), har to spørsmål han gjerne vil ha orientering om då, seier han.

– Det eine er leireutsleppet og lekkasjen i Sædalen på Helle.

Sidan 2016 har det vore lekkasje etter grunnundersøkingane her, seier Haugsnes. Gyteforholda er øydelagde og det kan vera kritisk for laks/sjøaure, men og for anna liv i sjøen kring Stanghelle.

– Det har vore lite merksemd rundt problematikken sidan hausten 2018. Kva vert gjort frå vegvesenet (SVV) si side? Har kommunen vurdert rettslege skritt mot SVV, eventuelt kva seier fylkesmannen, miljødirektoratet og/ eller NVE? undrar Haugsnes.

Det andre temaet er oppdrettsanlegget på Stavanes. Slik det ser ut no, så kan anlegget vera i drift att. – I oktober 2018 vart det påvist sjukdommen pankreas i anlegget. Rapporteringa i høve lus er ikkje opplyftande. Er det frå administrasjonen si side planlagt å leggja fram ei sak våren 2019 med oppstart på prosessen for å avvikla dette anlegget? spør Haugsnes.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse