annonse

Til sjukehus etter uhell

ÅLVIK: Ein mann (75) hadde eit ublidt møte med fjellveggen på Tveit i Ålvik onsdag ettermiddag. Klokka 16.35 melde AMK om ulukka, som fann stad på rv7.

Mannen kom seg ut av bilen, var oppegåande, men fortalde om smerter i brystet, fortel Vest Politidistrikt på Twitter.

Han var åleine i bilen og vart sendt til Voss sjukehus for sjekk. Klokka 18.34 melde politiet om at bilen var fjerna.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse