Ved utgangen av 2022 hadde Norsk pasientskadeerstatning (NPE) 990 koronavaksinesaker, og no stadfestar dei overfor NTB at talet har bikka 1.000.

Kvinner er overrepresenterte, og halvparten av dei koronarelaterte erstatningskrava deira handlar om alvorlege menstruasjonsforstyrringar. 159 kvinner har søkt om slik erstatning så langt, heile 151 av desse krava kom inn i 2022.

– Vi trur framleis det er kvinner der ute som lurer på om menstruasjonsforstyrringane deira har samanheng med vaksinen dei har fått, så der er det nok eit potensial for fleire saker, seier konstituert direktør Anne-Mette Gulaker i NPE til NTB.

Det er ein viss terskel for å søkja. Mange kjenner heller ikkje til moglegheita. Gulaker seier dei generelt opplever eit hopp i talet på innsende erstatningskrav etter omtale i media.

– Den effekten har vore veldig tydeleg med mensforstyrringar og koronavaksine, seier ho.

Blødde i 15 månader

34 slike mensrelaterte krav er behandla så langt, og ni fekk medhald. Pasienten som har fått høgast erstatning for slike biverknader, fekk 32.000 kroner etter å ha dokumentert 15 månader utan pause med smertefulle blødingar.

Dei andre utbetalingane er på mellom 500 og 8.000 kroner. Det skal mellom anna kompensera for utgifter til legebesøk, øydelagde madrassar, bind og tampongar. Kvinna som fekk 8.000 kroner, vart til slutt operert etter kraftige blødingar i sju månader.

Gulaker forklarer at pasientane må kunne dokumentera dei langvarige problema med mens, i tillegg til å dokumentera utgiftene det har medført.

Tal frå Legemiddelverket viser elles at det fram til 22. november var meld inn 7.373 meldingar om alvorlege biverknader av vaksinar i Noreg. Sju av ti gjaldt kvinner.

Dobla i 2022

I alt 693 personar søkte om erstatning i 2022 etter ulike alvorlege biverknader av koronavaksine. Det er ein auke på 133 prosent frå året før, og nye krav kjem stadig.

Dei vanlegaste plagene som har gitt rett til erstatning er betennelse i hjarteposen, hudutslett, blodpropp – og menstruasjonsforstyrringar.

Status ved slutten av året var at under halvparten av krava var behandla. 73 prosent har fått avslag og 27 prosent medhald.

Berre 76 saker er ferdig utbetalte, for dei andre går det enno føre seg berekningar.

I dei 76 sakene er det utbetalt over 4,7 millionar kroner totalt. I fire saker blir det gitt erstatning fordi pasienten døydde som fylgje av vaksine. Tre av dødsfalla blir knytte til vaksine frå AstraZeneca og éin vaksine frå Pfizer.

I dei to mest alvorlege sakene er det utbetalt over 1 million kroner. Det tredje største beløpet er på 244.000 kroner.

(©NPK)