A-ha kjem derimot berre saman denne eine dagen.

Andre artistar i seremonien er Susanne Sundfør, Leif Ove Andsnes, Karpe Diem, DumDum Boys, Sivert Høyem, Jarle Bernhoft, Bjørn Eidsvåg, Ingrid Olava og Sissel Kyrkjebø, fortel NRK.

Fleire kjende skodespelarar vil lesa tekstar i seremonien. Mellom dei er Aksel Hennie, Anders Baasmo Christiansen, Ane Dahl Torp, Adil Kahn, Ingrid Bolsø Berdal, Sofie Gråbøl og Maria Bonnevie.

Seremonien startar søndag 21. august klokka 15 og varer i 90 minutter. Det er berre inviterte gjester som får plass i Oslo Spektrum. Etterlatne, overlevande og andre som er direkte berørt er invitert, saman med hjelpemannskap, helsepersonell og andre som var med i samband med terrorangrepa 22. juli. Representantar for kongefamilien og det offisielle Noreg vil også vera til stades. (©NPK)