– Regjeringa har konkludert med at artillerisystemet Archer ikkje vil fylle Forsvarets behov innanfor den tida vi har tilgjengeleg, derfor trekkjer vi oss ut av kontrakten, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide i ei pressemelding fredag.
Kontrakten hadde ifølgje Aftenposten ein verdi på rundt to milliardar kroner og var ein del av eit større samarbeidsprosjekt med Sverige som blei inngått i 2007.
Målet var å auke slagkrafta til dei militære styrkane gjennom felles innkjøp av nytt materiell, og samarbeidet skulle også gi ein økonomisk gevinst. Landa samarbeider framleis om artillerilokaliseringsradar, eldleidningssystem, ammunisjon, utdanning og trening, opplyser Forsvarsdepartementet.
– Det norsk-svenske samarbeidet er omfattande og har på fleire område vist seg å gi gode løysingar for begge land. Eg ønskjer derfor å halde fram med andre delar av samarbeidet, seier Søreide.
Dagens norske artilleri kan haldast operativt fram til 2020. Det er uklart kva for eit artilleri det norske forsvaret kjem til å gå for i staden, men dei opplyser at dei skal gå i dialog med svenskane om den vidare prosessen. (©NPK)