Statistikken frå Krisesentersekretariatet viser at 47 prosent var utsette for overgrep frå ektefelle eller sambuar og 9 prosent frå tidlegare partnarar, skriv Klassekampen.

22 prosent var utsette for overgrep frå foreldra sine, og 24 prosent hadde med seg barn ved det første opphaldet på krisesenteret.

Linda Jakobsen, som er leiar for krisesenteret Betzy i Drammen, meiner tala viser at det er eit reelt behov for krisesenterplassar også for menn.

– Vi trudde at valdsutsette menn først og fremst hadde bruk for nokon å snakka med, men oppdaga raskt at det også var bruk for eit butilbod, seier ho.

Det var i 2010 at eit krisesentertilbod for menn blei lovpålagt. Kommunane skal ha eit slikt tilbod både til kvinner, barn og menn. Det er eit krav at butilbodet til kvinner og menn skal vera fysisk skilt. 40 av 47 krisesentera har no også eit tilbod til menn. (©NPK)