Det er sendt ut raudt farevarsel for snøskred fleire stader på Vestlandet dei neste dagane.
– Torsdag vil kraftig vind frå søraust og mykje nysnø føra til store fokksnøsamlingar. Det vil føra til store skred som kan losna av seg sjølv over heile Vestlandet, står det i varselet.
På Voss er det sendt ut oransje farevarsel torsdag, som endrar seg til raudt på fredag.
Det er også sendt ut raudt farevarsel for skred i Hardanger, Indre Fjordane, Hallingdal, Heiane og Sunnmøre.