I den nyaste episoden av Hordaland sin sportspodkast tek Fbk Voss-guru Sebastian Bolstad og journalist Ørjan Brattetveit for seg opprykket til Voss 2 frå 6. til 5. divisjon.

Eksperthaugen snakkar med kaptein Sebastian Mørkve Crook etter 8-0-sigeren mot Frøya 2 i siste serierunde.

Også trenarduoen Stig Hope og Kjartan Davanger summerer opp den gode sesongen.

Myrvold vil ha eitt godt lag i kommunen

I same 6. divisjonsavdeling spela også Dale og Vaksdal. Lenge såg det ut til at Dale skulle ta steget opp til 5. divisjon, men dei snubla mot slutten av sesongen.

Den spelande trenaren Bjørn Tore Myrvold kjem innom Eksperthaugen og snakkar om kva som skjedde.

Og kva han ser for seg for Dale-fotballen. Han meiner Dale og Vaksdal må samarbeida - og ikkje konkurrera om dei lokale spelarane.

– Det er kjekt med lokaloppgjer. Men eg vil heller spela mot betre lag, seier han.

Og ja, jakta på den beste spelaren i Fbk Voss si historie held fram. Og nærmar seg ei løysing.

Les meir sport:

Møbelringen møtte Vangen Elektriske: Det store bowlingoppgjeret